Jostein Flo
Utsjånad
Treng oppdatering |
Jostein Flo | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 3. oktober 1964 (60 år) Stryn kommune |
Idrett | fotball |
Tok del i | VM i fotball 1998, VM i fotball 1994 |
Utmerkingar | Kniksens hederspris |
Jostein Flo (fødd 3. oktober 1964 i Stryn kommune) er ein norsk fotballspelar. Flo har spela 53 kampar og scora 11 mål for Noreg sitt a-landslag. Då Jostein Flo i 2002 avslutta spelarkarriera si starta han å arbeide med marknadsføring i Strømsgodset. Han har seinare vore dagleg leiar i drammensklubben. Jostein Flo er no sportssjef i Strømsgodset.
Jostein Flo var ein svært sterk spelar med hovudet, og «Flo-pasninga» var ei lang pasning mot Jostein Flo sitt hovud, der han gjerne var i stand til å vinne hovudduellen og få ballen vidare til ein medspelar eller inn i feltet framom motstandaren sitt mål.
Karriere som spelar
[endre | endre wikiteksten]Klubb | Kampar* | Mål* | Periode |
---|---|---|---|
Stryn | ? | ? | ????-1986 |
Molde | 72 | 26 | 1987-1990 |
Lierse | 25 | 7 | 1990-1991 |
Sogndal | 46 | 28 | 1991-1993 |
Sheffield United | 84 | 19 | 1993-1996 |
Strømsgodset | 161 | 110 | 1996-2002 |
* Berre seriekampar.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Jostein Flo på FIFA sin offisielle nettstad