Hopp til innhald

Joshua Cheptegei

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Joshua Cheptegei


Statsborgarskap Uganda
Fødd 12. september 1996 (27 år)
Kapchorwa
Idrett friidrett
Tok del i Friidrett under Sommer-OL 2016 – 5 000 meter menn, Friidrett under Sommer-OL 2016 – 10 000 meter menn, Friidrett under Sommer-OL 2020 – 5 000 meter menn, Friidrett under Sommer-OL 2020 – 10 000 meter menn

Joshua Kiprui Cheptegei (fødd 12. september 1996) er ein langdistanseløpar frå Uganda. Han vart verdsmeister på 10 000 meter i 2019, 2022, 2023 og olympisk meister i 2021 på 5 000 m under Sommar-OL i Tokyo og på 10 000 meter i Paris-OL 2024. Sommaren 2020 sletta han verdsrekordane på 5 000 meter og 10 000 m.

Cheptegei pressa spurtsterke Mo Farah heilt inn til mål på 10 000 meter då Friidretts-VM 2017 vart avvikla i London, tida 26.49,9 var personbeste og gav han sølv. Våren 2019 tok han gullmedaljen i VM i terrengløp i Århus. Ved verdsmeisterskapen i Doha hausten 2019 spurta han inn til gull på 10 000 m, sekundet før nestemann.

I Monaco 14. august 2020 forbetra Cheptegei verdsrekorden på 5 000 meter med to sekund til 12.35,4, den gamle rekorden til Kenenisa Bekele hadde stått i 16 år. 7. oktober 2020 i Valencia sletta Cheptegei også Bekeles verdsrekord på 10 000 m. Den nye rekordtida 26.11,0, var ei forbetring på 6,5 sekund. Frå dei olympiske sommarleikane i Tokyo sommaren 2021 reiste Cheptegei med gull og sølv. På mila måtte han sjå seg slått av Selemon Barega frå Etiopia, ei veke seinare var han bestemann i oppløpet på 5 000 m.

Åra 2022-24 spurta Cheptegei inn til triumf i milløpet under verdsmeisterskapen 2022 i Eugene, 2023 i Budapest og i dei olympiske sommarleikane 2024 i Paris.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

[endre | endre wikiteksten]
  • VM 2015 i Beijing: Nr 9 på 10 000 m – 27.48,8
  • OL 2016 i Rio de Janeiro: Nr 6 på 10 000 m – 27,10,0 og nr 8 på 5 000 m – 13.09,1
  • VM 2017 i London: Sølvmedalje på 10 000 m – 26.49,9, bakom Mo Farah (26.49,5)
  • VM 2019 i Doha: Gullmedalje på 10 000 m – 26.48,3 , framom Yomif Kejelcha (26.49,3)
  • OL i 2021 i Tokyo: Gullmedalje på 5 000 m – 12.58,1 og sølvmedalje på 10 000 m – 27.43,6
  • VM 2022 i Eugene: Gullmedalje på 10 000 m – 27.27,4 og nr 9 på 5 000 m – 13.13,1
  • VM 2023 i Budapest: Gullmedalje på 10 000 m – 27.51,4, framom Daniel Ebenyo (27.52,6)
  • OL 2024 i Paris: Gullmedalje på 10 000 m – 26.43,1, framom Berihu Aregawi (26.43,4)

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]