John Griggs Thompson
John Griggs Thompson | |||
| |||
Fødd | John Griggs Thompson 13. oktober 1932 Ottawa | ||
---|---|---|---|
Nasjonalitet | USA | ||
Område | gruppeteori, matematikk | ||
Yrke | matematikar, universitetslærar | ||
Institusjonar | Harvard University University of Chicago University of Cambridge University of Florida | ||
Alma mater | Yale University University of Chicago Ottawa High School | ||
Doktorgradsrettleiar | Saunders Mac Lane | ||
Medlem | Royal Society Det Norske Videnskaps-Akademi Accademia Nazionale dei Lincei National Academy of Sciences American Academy of Arts and Sciences |
John Griggs Thompson (fødd 13. oktober 1932) er ein amerikansk matematikar.
Han er professor ved University of Florida i USA. Thompson tok doktorgraden ved University of Chicago i 1959, og var så tilsett same stad. Han vart professor her i 1962. Frå 1970 til 1993 var han professor i matematikk ved University of Cambridge i Storbritannia, og har sidan 1993 vore professor ved University of Florida. Han er for tida professor emeritus i matematikk ved University of Cambridge.
Thompson har motteke fleire internasjonale prisar for bidraget sitt til matematikken, mellom anna Fieldsmedaljen i 1970. I 2000 fekk han American National Medal of Science av president Bill Clinton og i 2008 Abelprisen saman med Jacques Tits for prestasjonane deira innan algebra, og særleg for utforminga av moderne gruppeteori. Thompson har òg gjeve teoriar for kodar og bidrag innan såkalla Galois-teori.
John Griggs Thompson er æresdoktor ved universiteta i Illinois, Yale, Oxford og Ohio State.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- John Griggs Thompson. (2011-11-30) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/John_Griggs_Thompson