John Densmore
John Densmore | |||
Densmore i 1971 | |||
Fødd | 1. desember 1944 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Los Angeles | ||
Fødenamn | John Paul Densmore | ||
Opphav | Maine | ||
Aktiv | 1965 til i dag | ||
Sjanger | Psykedelisk rock, acidrock, bluesrock, hardrock, blues, jazz-fusion | ||
Instrument | Trommer | ||
Tilknytte artistar | The Doors The Butts Band Riders on the Storm Tribaljazz | ||
Plateselskap | Elektra | ||
Verka som | Musikar Trommeslagar Filmmakar | ||
Gift med | Leslie Neale |
John Paul Densmore (fødd 1. desember 1944) er ein amerikansk musikar og låtskrivar. Han er mest kjend som trommeslagar i rockebandet The Doors.[1] Etter The Doors har han òg arbeidd som dansar og skodespelar, og dessutan produsert teater, danseforestillingar og film.
Då The Doors var operative, vart det avtalt at kvar av medlemmane skulle kunne leggje ned veto mot at musikken til gruppa vart brukt i reklamesamanheng. Densmore nyttar seg av denne retten og sørgjer enno for at dette ikkje skjer, blant anna vart eit tilbod frå Cadillac på 15 millionar dollar for å bruke «Break on Through (to the Other Side)» avvist. Han gav ved eit høve løyve til at Pirelli dekk skulle kunne bruke «Riders of the Storm» berre i Storbritannia, men angra etterpå og gav pengane til veldedige føremål.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «John Densmore» frå Wikipedia på engelsk, og «John Densmore» frå Wikipedia på bokmål den 16. mars 2011.
- ↑ Huey, Steve. «Biography: John Densmore». Allmusic. Henta 17. mars 2011.