Hopp til innhald

Jocelyn Bell Burnell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dame Jocelyn Bell Burnell

Jocelyn Bell Burnell
FøddSusan Jocelyn Bell
15. juli 1943 (81 år)[1]
Belfast, Lurgan
NasjonalitetStorbritannia
OmrådeAstrofysikk
Yrkeastronom, astrofysikar, fysikar
InstitusjonarUniversity of Cambridge
University of Glasgow
Open University
University of Oxford
Alma materUniversity of Glasgow (BSc)
New Hall, Cambridge (PhD)
DoktorgradsrettleiarAntony Hewish[2][3][4]
Kjend forOppdaga dei fire første pulsarane
InfluerarFred Hoyle Frontiers of Astronomy (1955)
UtmerkingarHerschel-medaljen (1989), Fellow of the Royal Society (mars 2003), Dame Commander av Order of the British Empire (2007)
EktefelleMartin Burnell
BarnGavin Burnell
MedlemNational Academy of Sciences
Royal Astronomical Society
Den internasjonale astronomiske unionen
American Astronomical Society
American Philosophical Society
American Academy of Arts and Sciences
Royal Society

Jocelyn Bell Burnell (fødd 15. juli 1943) er ein nordirsk astrofysikar.

Ho vart utdanna ved University of Glasgow, og tok doktorgrad i radioastronomi ved Cambridge University i 1968. Under doktorgradsarbeidet sitt deltok ho i oppbygginga av eit enormt radioteleskop og studerte spesielt kvasarar. I den samanhengen oppdaga ho nokre fram til då ukjende objekt, og har dermed ein stor del av æra for oppdaginga av dei første pulsarane (1967). Burnell har vore knytt til University College London, Royal Observatory, Edinburgh og James Clark Maxwell TelescopeHawaii. Ho har vore president i Royal Astronomical Society. Burnell er særskild oppteken av formidling, og arbeidde i 10 år for Open University, noko som dobla talet på kvinnelege professorar i fysikk i Storbritannia. I 1999 turnerte ho i Australia med eigne Women in Physics-forelesningar. Frå 2001 var ho dekan ved naturvitskapeleg fakultet ved University of Bath.

  1. «BELL BURNELL, Dame (Susan) Jocelyn» (Who's Who 2013, A & C Black, an imprint of Bloomsbury Publishing plc, 2013; online edn, Oxford University Press). 
  2. Bell, Susan Jocelyn (1968). The Measurement of radiokjelde diameters using a diffraction method (PhD thesis). University of Cambridge. 
  3. doi:10.1038/217709a0
  4. doi:10.1038/218126a0
  • Delphin, Inger Lise A. (14. februar 2009), «Jocelyn Bell Burnell», Store norske leksikon, henta 13. august 2014