Jesper
Utsjånad
Jaspar, Jasper og Jesper er mannsnamn av persisk opphav. Namna er avleidde av Kasper som opphavleg truleg kjem frå det gamle kaldeiske ordet gizbar, 'skattmeister'. Jesper har namnedag den 9. mai i Noreg.
Jasper er ein utbreidd engelsk variant av namnet medan Jesper er ei nordisk form.
Namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Jesper Rasmussen Brochmand (1585-1652), dansk teolog
- Jesper Swedberg (1653-1735), svensk geistleg
- Jesper Crusebjörn (1843-1904), svensk offiser og politikar
- Jasper Johns (f. 1930), amerikansk biletkunstnar
- Jesper Jensen (f. 1931), dansk forfattar og omsetjar
- Jasper Carrott (f. 1945), britisk komikar
- Jesper Christensen (f. 1948), dansk skodespelar
- Jesper Olsen (f. 1961), dansk fotballspelar
- Jesper Parnevik (f. 1965), svensk golfspelar
- Jesper Odelberg (f. 1970), svensk komikar
Oppdikta
[endre | endre wikiteksten]- Kasper, Jesper og Jonatan er namnet på tre røvarar i Kardemomme by av Thorbjørn Egner
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Jesper» frå Wikipedia på bokmål, den 9. mai 2009.
«Jesper» i Store norske leksikon, snl.no.