Jakobstad
63°40′31.822″N 22°42′11.689″E / 63.67550611°N 22.70324694°E
Jakobstad | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Finland | ||
---|---|---|---|
Fylke | Österbotten | ||
Del av | Swedish-speaking Ostrobothnia | ||
Areal | 122,9 km² | ||
Grunnlagd | 1652 | ||
Språk | svensk, finsk | ||
Jakobstad 63°40′00″N 22°42′00″E / 63.666666666667°N 22.7°E | |||
Kart som viser Jakobstad.
| |||
Wikimedia Commons: Jakobstad |
Jakobstad (finsk Pietarsaari) er ein by og kommune i landskapet Österbotten i Finland. Kommunen har ein folkesetnad på 19 431, og eit areal på 122,9 km², der 87,8 km² er land. Jakobstad grensar til kommunane Nykarleby, Pedersöre og Larsmo.
Jakobstad er ein tospråklig kommune med svensk som majoritetsspråk (56,3 %) og finsk som minoritetsspråk.
Byen vart grunnlagd 1652 av Ebba Brahe, enke etter Jacob De la Gardie, som namnet Jakobstad kjem av. Det finske namnet på byen, Pietarsaari ('Petersøya'), er ei lydhermande omsetjing av namnet på omlandskommunen, Pedersöre.
Jakobstad har ein lang tradisjon innan skipsbygging og sjøfart. I sentrum av byen ligg ein botanisk hage, Skolparken. Nær parken ligg Skata, eit trehusområde med smale gater.
Den finske nasjonalskalden Johan Ludvig Runeberg var fødd i Jakobstad.
Venskapskommunar
[endre | endre wikiteksten]- Asker i Noreg
- Eslöv i Sverige
- Rudersdal i Danmark
- Garðabær på Island
- Jamestown i New York i USA
- Jūrmala i Latvia
- Söderhamn i Sverige
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Jakobstad stadshus
-
Gate i bydelen Skata
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Jakobstad» frå Wikipedia på bokmål, den 12. juli 2020.