Hopp til innhald

Jableh-distriktet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jableh-distriktet
distrikt
Land  Syria
Guvernement Latakia guvernement
Administrasjonsstad Jableh
Areal 485,54 km²
Folketal 196 171  (2004)
Kart
Jableh-distriktet
35°21′35″N 35°55′30″E / 35.359722222222°N 35.925°E / 35.359722222222; 35.925
Wikimedia Commons: Jableh District

Jableh-distriktet (arabisk منطقة جبلة, Minṭaqat Jablah) er eit distrikt (mantiqah) i Latakia guvernement i Syria. I folketeljinga i 2004 hadde det eit folketal på 196 171.[1] Senteret i distriktet er byen Jableh.

Latakia og det kringliggande distriktet vart ein separat, sjølvstendig stat under Mandatet som vart gjeven til Frankrike av Folkeforbundet og vart verande så i to år før det vart innlemma i det større franske mandatet i 1923. Han vart i mellomtida kalla «Alawittarstaten» sidan mesteparten av innbyggjarane var alawittar.

Jordbruk har vore den viktigaste næringa i provinsen, med sitrusfrukt, eple, og oliven som dei viktigaste avlingane. Turisme, hovudsakleg frå Gulfstatane, er òg ei viktig inntektskjelde for innbyggjarane om sommaren.

Inndelingar

[endre | endre wikiteksten]

Distriktet Jableh er delt inn i seks underdistrikt eller nāḥiyaer (folketala er frå folketeljinga i 2004):

  • Jableh nahiyah (ناحية جبلة): folketal 107 064.[2]
  • Ayn al-Sharqiyah nahiyah (ناحية عين الشرقية): folketal 16 800.[3]
  • Al-Qutailibiyah nahiyah (ناحية القطيلبية): folketal 32 582.[4]
  • Ayn Shiqaq nahiyah (ناحية عين شقاق): folketal 16 031.[5]
  • Daliyah nahiyah (ناحية دالية): folketal 13 608.[6]
  • Beit Yashout nahiyah (ناحية بيت ياشوط): folketal 10 086.[7]
  1. folketeljing 2004 (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 10. mars 2013, henta 15. juni 2014 
  2. «Jableh nahiyah folketal». Cbssyr.org. Arkivert frå originalen 16. desember 2019. Henta 10. juni 2014. 
  3. «Ayn al-Sharqiyah nahiyah folketal». Cbssyr.org. Arkivert frå originalen 10. januar 2020. Henta 10. juni 2014. 
  4. «Qutailbiyah nahiyah folketal». Cbssyr.org. Arkivert frå originalen 17. desember 2019. Henta 10. juni 2014. 
  5. «Ayn Shqaq nahiyah folketal». Cbssyr.org. Henta 10. juni 2014. 
  6. «Daliyah nahiyah folketal». Cbssyr.org. Arkivert frå originalen 15. desember 2019. Henta 10. juni 2014. 
  7. «Beit Yashut nahiyah folketal». Cbssyr.org. Arkivert frå originalen 12. januar 2013. Henta 10. juni 2014.