Iž
Utsjånad
Iž | |
---|---|
Satellittbilete av Iž | |
Geografi | |
Stad | Adriahavet |
Koordinatar |
|
Areal | 17,59 km²
|
Administrasjon | |
Land | Kroatia |
Fylke | Zadar
|
Demografi | |
Folketal | 557 (2001)
|
Iž (italiensk Eso) er ei øy i Adriahavet utanfor kysten Kroatia. Ho ligg nær Zadar, mellom Ugljan i nordaust og Dugi Otok i sørvest. Ho har eit areal på 17,59 km² og eit folketal på 557.[1] Ho er stort sett bygd opp av kalkstein og dolomitt.[2] Øya har vore busett sidan førhistorisk tid. Det er ei katolsk kyrkje frå 1000-talet på øya, og spor etter dei første kroatane går tilbake til år 1266.[3] Dei to største busetnadane (Iž Veli og Iž Mali) ligg aust på øya. Hovudnæringane på øya er fiske, dyrking av oliven, keramikk og turisme.[2][4]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Statistisk årbok 2006 for Kroatia
- ↑ 2,0 2,1 General Encyclopedia of Yugoslavian Lexicographic Institute, volume 4 (Zagreb, 1978)
- ↑ Artikkel om Iž, arkivert frå originalen 20. januar 2007, henta 12. mars 2007
- ↑ Iž på kroatien-fewo.net