I've Been Waiting for This Night
«I've Been Waiting for This Night» Song av Donny Montell | ||
Land | Litauen | |
Språk | Engelsk | |
Utgjeve | 8. mars 2016 | |
Sjanger | Pop | |
Lengd | 03:02 | |
Selskap | UAB Gyva Muzika | |
Låtskrivar(ar) | Jonas Thander og Beatrice Robertsson |
---|
«I've Been Waiting for This Night» (norsk 'eg har venta på denne natta/kvelden') er ein song frå 2016 med den litauiske artisten Donny Montell. Songen vann den litauiske songtevlinga "Eurovizijos" dainų konkurso nacionalinė atranka og var det litauiske bidraget til Eurovision Song Contest 2016 i Stockholm.
Om songen
[endre | endre wikiteksten]Songen er skriven av Jonas Thander og Beatrice Robertsson. «I've Been Waiting for This Night» blei plukka ut til å delta i songtevlinga til den litauiske kringkasteren LRT televizija Eurovizijos dainų konkurso nacionalinė atranka.[1] Artisten Donny Montell blei vald til å framføre han. Etter fleire innleiande runder og semifinalar tok songen seg til finalen 12. februar 2016. Der vann han og blei dimed det litauiske bidraget til Eurovision Song Contest 2016.[2][3]
Eurovision Song Contest
[endre | endre wikiteksten]I januar 2016 blei Litauen trekt til å delta i den andre semifinalen av Eurovision Song Contest.[4] Semifinalen blei arrangert i Globen i Sverige torsdag 12. mai, og Litauen hadde startnummer 9.[5] «I've Been Waiting for This Night» blei blant dei ti beste i semifinalen og kvalifiserte seg dimed til finalen laurdag 14. mai.[6] I finalen blei songen nummer 9 av 26 bidrag.[7]
Listeplasseringar
[endre | endre wikiteksten]Liste (2016) | Høgaste plassering |
---|---|
Sverige Heatseekers (Sverigetopplistan)[8] | 4 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «"Eurovizijos" atrankai diriguos Andrius Rožickas ir Gerūta Griniūtė, paskelbti visi dalyviai». 15 min (på litauisk). 21. desember 2015. Henta 21. desember 2015.
- ↑ «Donny Montell». eurovision.tv. Henta 19. april 2024.
- ↑ «It's Donny Montell for Lithuania!». eurovision.tv. Henta 19. april 2024.
- ↑ Jordan, Paul (25. januar 2016). «Allocation Draw: The results!». eurovision.tv. European Broadcasting Union. Henta 25. januar 2016.
- ↑ Jordan, Paul (8. april 2016). «Running order of the Semi-Finals revealed». eurovision.tv. European Broadcasting Union. Henta 8. april 2016.
- ↑ Roxburgh, Gordon (12. mai 2016). «10 more finalists through to the Grand Final». eurovision.tv. European Broadcasting Union. Henta 12. mai 2016.
- ↑ «Eurovision Song Contest 2016 Grand Final | Eurovision Song Contest». Eurovision.tv. Henta 12. mars 2017.
- ↑ Swedish Heatseekers Chart Retrieved 13. mai 2016
- Denne artikkelen bygger på «I’ve Been Waiting for This Night» frå Wikipedia på bokmål, den 29. april 2024.