Hettinger County
Utsjånad
Hettinger County er eit fylke sørvest i den USA-amerikanske delstaten Nord-Dakota. Flatevidda til fylket er på 2 940 km². Fylket vart grunnlagt i 1883 og organisert i 1907. I kring 2500 menneske bur i Hettinger County som vert styrt frå landsbyen Mott.
Ved folketeljinga 2000 vart 71,1 % av ibuarane registrert som tyskætta, elles var 11,1 % av norsk, 6,1 % av russisk, 5,9 % av tsjekkisk, 5,4 % av irsk og 5,3 % av ungarsk ætt.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Hettinger County, North Dakota» frå Wikipedia på engelsk, den 14. desember 2021.