Hopp til innhald

Havrett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ulike soner som inneber ulike rettar for kyststaten.

Havrett er den delen av folkeretten som regulerer den internasjonale rettsordenen på havet. Ein skil mellom ulike soner i havet: Hamn, indre farvatn, sjøterritorium, økonomisk sone, kontinentalsokkel og ope eller fritt hav.[1]

Havretten handlar mellom anna om kven som har rett til å gjera seg nytte av naturressursar som fisk og petroleum i dei ulike havområda utenfor kysten. Avhengig av kva sone utanfor kysten det er snakk om, vil rettane og pliktene som høyrer til kyststaten variera.

Havretten kan førast tilbake til Hugo Grotius og hans prinsipp eit fritt hav (Mare liberum) frå 1609.[1] Gjennom tidene bygde havretten på sedvanerett. I 1958 blei den første havrettskonvensjonen vedteken, og i dag har dei fleste landa i verda underskrive og ratifisert SN sin havrettskonvensjon.

  1. 1,0 1,1 Helgesen, Jan E.; Hallenstvedt, Abraham (6. desember 2017). «Havrett». Store norske leksikon. Henta 12. august 2018. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]