Harrogate
Harrogate | ||
---|---|---|
Harrogate gravmonument | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | North Yorkshire | |
Distrikt | Harrogate | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2001) |
71 594 | |
Koordinatar | 53°59′N 1°32′W / 53.983°N 1.533°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | HG1, HG2, HG3, HG5 | |
Telefon-retningsnummer | 01423 | |
Nettstad: www.harrogate.gov.uk | ||
Harrogate er ein by i North Yorkshire i England i Storbritannia med omtrent 70 000 innbyggjarar. Byen er mest kjend som spastad. Distriktet rundt byen har omkring 150 000 innbyggjarar og i lag med Knaresborough dannar han eit byområde på kring 85 000 innbyggjarar.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Byen blir første gongen nemnt på byrjinga av 1300-talet. Han blir då nemnd i ei tingbok som ein liten by. Busetnaden var lengje delt mellom Low Harrogate og High Harrogate. I High Harrogate møttest to relativt viktige vegar, noko som gjorde at det mellom 1400 og 1549 fanst eit kapell der, men elles var det ein stad det skjedde lite i.
Det var først i 1571, då William Slingsby oppdaga den første av kjeldene til byen, The Tewit Well, at byen byrja å vekse. Ved å fortelje om kjeldene til sine medisinsk kunnskapsfulle vener vart ryktet om eigenskapane til desse spreidd.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Harrogate» frå Wikipedia på bokmål, den 11. juli 2011.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Harrogate past, Mitchell, W.R. 2001. Guildford: Phillimore. ISBN 1-86077-181-5
- http://en.wikipedia.org/wiki/Harrogate
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell nettstad Arkivert 2005-05-27 ved Wayback Machine.
- Harrogate Today Arkivert 2008-10-06 ved Wayback Machine., lokalavis