Har Meron
Har Meron | |||
Har Merón • Jábal al-Jármaq | |||
fjell | |||
Nordsida av Meron
| |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Nord | ||
Høgd | 1 208 moh. | ||
Koordinatar | 33°00′N 35°25′E / 33.000°N 35.417°E | ||
Har Meron 32°59′51″N 35°24′44″E / 32.9975°N 35.412222222222°E | |||
Kart som viser Har Meron.
| |||
Wikimedia Commons: Mount Meron |
Har Meron (hebraisk הר מירון, Har Meron; arabisk جبل الجرمق, Jabal al-Jarmaq)[1] er eit fjell i Israel. Det er viktig i jødisk religiøs tru og delar av det er ein del av eit naturreservat.
Med ei høgd på 1208 meter over havet, er Har Meron det høgaste punktet i Israel,[2] sjølv om mange fjell i Golanhøgdene er høgare.
Har Meron naturreservat
[endre | endre wikiteksten]I 1965 vart eit 84 km² stort naturreservat oppretta. Det vart utvida med 1,199 km²i 2005.[3] Det er største og høgastliggande reservatet i Israel.[4]
Religiøs tyding
[endre | endre wikiteksten]Landsbyen Meron og grava til rabbien Shimon bar Yochai ligg på Har Meron. I høve jubileet til dødsfallet hans på Lag B'Omer, samla tusenvis seg i fjellsida nær grava hans, og på sjølve Lag B'Omer.
Klima
[endre | endre wikiteksten]Meron har eit middelhavsklima med varme og tørre somrar og fuktige, kjølige vintrar. Det snør nokre gonger kvart år på Meron. I snitt er det 22 dagar i året med temperaturar over 32 °C og 28 dagar med frost.
Vêrdata for Har Meron (2002–2007) | |||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År | |
Høgast målte °C | 17 | 22 | 18 | 26 | 32 | 32 | 33 | 36 | 33 | 28 | 26 | 20 | 36 |
Gjennomsnittleg maks °C | 8 | 9 | 11 | 18 | 23 | 27 | 29 | 30 | 27 | 26 | 20 | 12 | 20 |
Døgnmiddeltemperatur °C | 6 | 6 | 7 | 13 | 18 | 21 | 23 | 24 | 21 | 20 | 16 | 9 | 15 |
Gjennomsnittleg min °C | 4 | 3 | 4 | 8 | 13 | 15 | 17 | 18 | 16 | 15 | 12 | 6 | 11 |
Lågast målte °C | −2 | −8 | — | 3 | 7 | 11 | 15 | 13 | 13 | 11 | 5 | — | −8 |
Kjelde: «Climate Information for Har Meron i Israel». Weather Base. |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Mount Meron» frå Wikipedia på engelsk, den 4. oktober 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Encyclopædia Britannica: Har Meron». Henta 4. oktober 2014.
- ↑ Federal Research Division (2004). Israel A Country Study (Paperback utg.). Kessinger Publishing, LLC. s. 8. ISBN 141912689X.
- ↑ «Liste over nasjonalparkar og naturreservat» (PDF) (på hebraisk). Israel natur- og parktilsyn. Arkivert frå originalen (PDF) 7. oktober 2009. Henta 30. september 2014.
- ↑ «Har Meron reserve» (på hebraisk). Israel natur- og parktilsyn. Arkivert frå originalen 28. september 2011. Henta 30. september 2014.