Hopp til innhald

Hackneyhest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein hackneyhest i ein køyrekonkurranse.

Hackneyhest er ein hesterase frå Storbritannia som vert brukt som køyre- og oppvisningshest.

Raseskildring

[endre | endre wikiteksten]

Hackneyhesten er ein høgreist køyrehest med store paraderørsler.

Ordet hackney kjem truleg av gammalfransk haquenee som tyder ridehest. Frå fyrst av vart denne hestetypen nytta til riding, gardsarbeid, jakt og lett kavaleri. På 1700-talet vart det kryssa inn arabarhest, noko som gjorde hesten lettare og meir elegant. Ettersom vegane vart betre vart det meir fokus på køyreeigenskapar for å dekkje etterspurnaden etter vognhestar. Stamboka for rasen går attende til 1883. Hackneyhesten vart særs etterspurd både på dei britiske øyene og andre stadar i verda, mellom anna Sør-Afrika og Argentina. Han vart også kryssa inn i andre rasar og mange av hesterasane vi har i dag har hackneyblod i årane. Rasen opplevde stor nedgang etter at bilen fekk sitt gjennomslag, men nokre få oppdrettarar heldt fram med å avle fram Hackneyhestar.

Hackneyponnien er ein ponniversjon av hackneyhesten, avla fram på 1800-talet ved å krysse hackneyhest med fellponni.

Førekomst

[endre | endre wikiteksten]

Hackneyhesten har status som kritisk truga på Rare Breeds Survival Trust si liste over sjeldne rasar.

Hackneyhesten vert i stor grad nytta til køyrekonkurransar innan hestesport, og til ulike oppvisninger og utstillinger.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Hackneyhest