Gedalja-fasta
Utsjånad
Gedalja-fasta (hebraisk צוֹם גְּדָלִיָּה, ṣom gedaljá), er ein jødisk fastedag til minne om drapet på Gedalja, den jødiske guvernøren av den dåverande babylonske provinsen Judea. Drapet førte til ein ny jødisk flukt til Egypt, og fullendte øydelegginga av det første Tempelet i Jerusalem.
Dagen blir markert den 3. tisjré, like etter nyårsfeiringa rosj hasjaná.