Fineilspitze
Utsjånad
Fineilspitze | |||
fjell | |||
Fineilspitze, sett frå søraust
| |||
Land | Austerrike | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Ötztaleralpane | ||
Høgd | 3 514 moh. | ||
Primærfaktor | 504 m | ||
Koordinatar | 46°46′49″N 10°49′54″E / 46.78028°N 10.83167°E | ||
Fineilspitze 46°46′49″N 10°49′54″E / 46.780277777778°N 10.831666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Fineilspitze |
Fineilspitze er eit 3 514 meter over havet høgt fjell i Ötztaleralpane, på grensa mellom den italienske provinsen Bolzano og det austerrikske forbundslandet Tirol. Fjellet, som reiser seg på fjellryggen Schnalskamm, har markerte egger mot nordaust og sørvest.
Fjelltoppen vart bestige fyrste gongen den 8. september 1865 av presten Franz Senn og dei to fjellførarane Cyprian Granbichler og Josef Gstrein. Frå den austerrikske landsbyen Vent kleiv dei til topps langs nordaustegga.
I september 1991 vart den såkalla ismannen Ötzi funnen vel 500 meter aust for toppen av Fineilspitze.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Fineilspitze» frå Wikipedia på tysk, den 24. juli 2014.