Erki Nool
Erki Nool | |
Statsborgarskap | Sovjetunionen, Estland |
Fødd | 25. juni 1970 (54 år) Võru |
Yrke | politikar, friidrettsutøvar, friidrettstrener, eiendomsutvikler |
Språk | estisk |
Høgd | 184 centimeter |
Politisk parti | Fedrelandsunionen, Isamaa |
Erki Nool på Commons |
Erki Nool (fødd 25. juni 1970) er ein estisk politikar og tidlegare friidrettsutøvar frå Võru. Han vart europameister i tikamp i 1998 og olympisk meister i same øvinga i 2000. Nool var 2007-15 medlem av folkeforsamlinga i Estland, vald på programmet til den høgreorienterte Fedrelands- og folkeunionen.
Idrett
[endre | endre wikiteksten]Nool var ein av dei fremste tikjemparane i verda frå midt på 1990-talet. Frå friidretts-VM 1995, då han kom på fjerdeplass med 8 268 poeng, var han medaljekandidat i alle dei store meisterskapane i ei tiårs tid. Med 8 667 poeng sikra han seg gullmedaljen då europameisterskapen fann stad i Budapest i 1998.
To år seinare opplevde Nool det absolutte høgdepunktet i si tid som idrettsutøvar. Under sommarleikane i Sydney hausten 2000 vann han gullmedaljen etter å ha oppnådd 8 641 poeng, 35 fleire enn Roman Šebrle frå Tsjekkia. Sigeren førte til at Nool vart ein folkehelt i Estland. Dei to dagane tikampøvinga føregjekk, hadde borna i Estland fri frå skulen, slik at dei kunne fylgje tikampen via fjernsynsskjermen. Då han kom heim frå Sydney, møtte kring 80 000 menneske opp i Tallinn for å hylle olympiameisteren.
Poengmessig gjorde Nool sin aller beste tikamp under VM 2001 i Edmonton. Han tok då sølvmedaljen med 8 815 poeng, tjekkiske Tomáš Dvořák vann med 8 902 poeng. I 2002 Nool vann ei ny sølvmedalje, også i friidretts-EM 2002 måtte han sjå ein tsjekkar framfor seg på resultatlista, førnemnde Roman Šebrle revansjerte seg for «tapet» i Sydney-OL.
Nools sterkaste tikjemp-grein var stavhopp, der han i ei tevling tok seg over 5,60 meter. Under Götzis-tikampen i 1995 var han beste lengedhoppar med eit hopp på 8,10 meter, framleis estisk rekord i lengde i 2015.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- OL 1992 i Barcelona: Braut
- EM 1994 i Helsinki: Nr 10 – 7 953 poeng
- VM 1995 i Göteborg: Nr 4 – 8 268 poeng
- OL 1996 i Atlanta: Nr 6 – 8 543 poeng
- VM 1997 i Aten: Nr 6 – 8 413 poeng
- EM 1998 i Budapest: Gullmedalje – 8 667 poeng, framom Eduard Hämäläinen (8 587 p)
- VM 1999 i Sevilla: Nr 14 – 7 568 poeng
- OL 2000 i Sydney: Gullmedalje – 8 641 poeng, framom Roman Šebrle (8 606 p)
- VM 2001 i Edmonton: Sølvmedalje – 8 815 poeng, bakom Tomáš Dvořák (8 902 p)
- EM 2002 i München: Sølvmedalje – 8 438 poeng, bakom Roman Šebrle (8 800 p)
- VM i 2003 i Paris: Braut
- OL 2004 i Aten: Nr 8 – 8 235 poeng
Politikk
[endre | endre wikiteksten]Frå 2007 til 2015 representerte Nool det konservative partiet Isamaa ja Res Publica Liit (Ferdelands- og folkeunionen) ved Riigikogu, det estiske parlamentet.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Erki Nool» frå Wikipedia på tysk, den 13. september 2015.
- Denne artikkelen bygger på «Erki Nool» frå Wikipedia på estisk, den 13. september 2015.
- Einskildmenn
- Fødde i 1970
- Estiske friidrettsutøvarar
- Mangekjemparar
- Olympiske meistrar for Estland
- Estiske politikarar
- Estiske deltakarar under sommar-OL 1992
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992
- Estiske deltakarar under sommar-OL 1996
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996
- Medaljevinnarar under sommar-OL 2000
- Estiske deltakarar under sommar-OL 2000
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000
- Estiske deltakarar under sommar-OL 2004
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004