Elva Lao
Utsjånad
Lao | |||
elv | |||
Land | Italia | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 601 km² | ||
Lengd | 51 km | ||
Middelvassføring | 10 m³/s | ||
Kjelde | Monte Serra del Prete | ||
• høgd | 2 181 moh. | ||
Munning | Policastrobukta | ||
Elva Lao 39°46′36″N 15°47′39″E / 39.776667°N 15.794167°E | |||
Wikimedia Commons: Lao River |
Lao (latin Laus, Laos eller Laüs; tidlegare òg Laino) er ei elv sør i Italia. Elva har utspring i Appenninane i provinsen Potenza i Basilicata og munnar ut i Policastrobukta (italiensk Golfo di Policastro) nær Santa Maria del Cedro i provinsen Cosenza i Calabria. Nær munningen ligg ruinane av den greske kolonien Laüs. Plinius den eldre og Klaudios Ptolemaios og Strabo nemner alle elva og skriv at ho var grensa mellom Lucania og Bruttium i antikken. (Strab. vi., p. 253; Plin. iii. 5. s. 10; Ptol. iii. 1. § 9)
Elvedalen er ein del av Pollino nasjonalpark.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Lao River» frå Wikipedia på engelsk, den 21. november 2007.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Rand McNally, The New International Atlas (1983), s. 69
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: