Dogri
Utsjånad
Dogri डोगरी ڈوگرى, ḍogrī | ||
Klassifisering | Indoeuropeisk Indo-iransk Indo-arisk Nordvestleg Vestleg pahari (dogri–kangri) | |
Bruk | ||
Tala i | India | |
Dogritalande i alt | 5 millionar | |
Språkkodar | ||
ISO 639-2 | doi | |
ISO 639-3 | doi | |
Glottolog | indo1311
|
Dogri (devanagari: डोगरी, urdualfabetet: ڈوگرى), i Pakistan og Pakistansk Kashmir òg kalla pahari (devanagari पहाड़ी, urdualfabetet پھاڑی), er eit indoarisk språk som blir brukt i Pakistan og India, hovudsakleg i regionen Jammu i Jammu og Kashmir, men òg i det nordlege Panjab, Himachal Pradesh, andre delar av Kashmir og andre stadar.[1] Dogri vert tala av den etniske gruppa dogra, og den dogri-talande regionen vert kalla Duggar.[2] Det har rundt 5 millionar talarar.[3]
Dogri vert klassifisert som ein medlem av den vestlege paharigruppe av indoariske språk.[4] Dogri er eit tonespråk,[5] noko som er uvanleg for indoeuropeiske språk. Dette særpreget har det til felles med andre vestlege paharispråk og med panjabi.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Dogri» frå Wikipedia på bokmål, den 1. januar 2016.
- Denne artikkelen bygger på «Dogri language» frå Wikipedia på engelsk, den 22. januar 2017.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Billawaria, Anita K. (1978). History and Culture of Himalayan States, v.4. Light & Life Publishers.
- ↑ Narain, Lakshmi (1965). An Introduction to Dogri Folk Literature and Pahari Art. Jammu and Kashmir Academy of Art, Culture and Languages.
- ↑ Sharma, Sita Ram (1992). Encyclopaedia of Teaching Languages in India, v. 20. Anmol Publications. s. 6.
- ↑ Masica, Colin P. (1993). The Indo-Aryan Languages. Cambridge University Press. s. 427. ISBN 0-521-29944-6.
- ↑ Ghai, Ved Kumari (1991). Studies in Phonetics and Phonology: With Special Reference to Dogri. Ariana Publishing House. ISBN 81-85347-20-4. «non-Dogri speakers, also trained phoneticians, tend to hear the difference as one of length only, perceiving the second syllable as stressed»