Cecilie Leganger
Cecilie Leganger | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 12. mars 1975 (49 år) Bergen |
Idrett | handball |
Tok del i | handball at the 2000 Summer Olympics – women's tournament, Handball-VM 1993 for kvinner, Handball-VM 1999 for kvinner, Handball-VM 2001 for kvinner, Handball-EM 1994 for kvinner, Handball-EM 1998 for kvinner |
Utmerkingar | Karolineprisen, Årets handballspelar frå IHF |
Cecilie Leganger (fødd 12. mars 1975) er ein norsk tidlegare handballspelar frå Bergen. Ho vann EM-gull 1998 og VM-gull 1999 med Noreg, og elles to VM-sølv, EM-bronse og OL bronse i tida 1993-2001. Leganger, som var målvakt, vart i seks av dei åtte internasjonale meisterskapane ho deltok i, kåra til turneringas best målvakt. Som klubbspelar vann ho både meisterligaen og EHF-pokalen tre gongar, og vart seriemeister i Noreg fem gongar, i Slovenia og i Danmark ein gong, og dessutan nasjonal cupvinnar i Noreg fem gongar, i Danmark to gongar, og i Slovenia ein gong. Ho spelte på laga til Fyllingen IL, Tertnes IL, Bækkelaget SK, Krim Ljubljana, Slagelse DT, FCK Håndbold og Larvik HK.
Landslagsspel
[endre | endre wikiteksten]Leganger var Fyllingen-spelar då ho debuterte på det norske landslaget 2. februar 1993 mot Polen. Under VM 1993 på norsk heimebane utmerkte ho seg på eit norsk lag som vann bronse. Sameleis ved handball-EM 1994, då Noreg atter vann bronsefinalen. Våren 1996 trekte ho seg frå handballspel, og var såleis ikkje med til Sommar-OL i Atlanta. Tre veker før handball-EM 1998 kom ho tilbake på landslaget og var ein viktig bidragsytar til at Noreg vann sin fyrste internasjonale meistertittel. Året etter var ho med då Noregs handballkvinner gjekk til topps i Handball-VM 1999 på heimebane. Under Sommar-OL 2000 i Sydney vann ho ein ny bronsemedalje. Ho mangla ein internasjonal sølvmedalje, den fekk ho etter at Noreg tapte finalen i handball-VM 2001. Leganger spelte sin 162. og siste landskamp 27. mars 2004. Sidan då avslo ho alle tilbod om landslagplass.
Klubbspel
[endre | endre wikiteksten]Leganger var opphavleg medlem av Løv-Ham. 17 år gammal melde ho seg inn i Fyllingen IL, deretter gjekk ho over til byrival Tertnes IL. I 1997 vart ho hanka inn til Bækkelagets Sportsklubb, leia av Frode Kyvåg. Etter fire år i Oslo, spelte ho to sesongar i Tertnes. I 2003 fekk Leganger kontrakt med slovenske Krim Ljubljana, der ho spelte ein sesong. Åra 2004-10 var ho aktiv i Danmark, fyrst for Slagelse DT, så for FCK Håndbold. Frå 2010 til ho vart langvarig skadd hausten 2013, vakta ho målet til den suverene einaren i norsk seriehandball, Larvik HK.
Merittar
[endre | endre wikiteksten]- VM 1993: Bronsemedalje etter 20–19 mot Romania
- EM 1994: Bronsemedalje etter 24–19 mot Ungarn
- VM 1995: Nr 4 etter 24–25 mot Danmark
- EM 1998: Gullmedalje etter 24–16 mot Danmark
- VM 1999: Gullmedalje etter 25–24 mot Frankrike
- OL 2000: Bronsemedalje etter 22–21 mot Sør-Korea
- VM 2001: Sølvmedalje etter 25–30 mot Russland
- VM 2003: Nr 6 med Noreg
- Vinnar av EHF-meisterligaen: 2005 og 2007 på Slagelse DT, 2011 på Larvik HK (3)
- Vinnar av EHF-pokalen: 1998 og 1999 på Bækkelaget, 2009 på FCK Håndbold (3)
- Norsk seriemeister: 1999 på Bækkelaget, 2011-2014 på Larvik HK (5)
- Slovensk seriemeister: 2004 på Krim Ljubljana
- Dansk seriemeister: 2007 på Slagelse DT
- Norsk cupmeister: 1999 og 2001 på Bækkelaget, 2010-2012 på Larvik HK (5)
- Slovensk cupmeister: 2004 på Krim Ljubljana
- Dansk cupmeister: 2005 på Slagelse DT og 2010 på FCK Håndbold (2)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Cecilie Leganger» frå Wikipedia på bokmål, den 6. august 2016.
- Einskildkvinner
- Fødde i 1975
- Norske handballspelarar
- Olympiske medaljevinnarar i handball
- Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg
- Verdsmeistrar i handball
- Europameistrar i handball
- Spelarar i Handball-VM 1993 for kvinner
- Medaljevinnarar under sommar-OL 2000
- Norske deltakarar under sommar-OL 2000
- Handballspelarar under sommar-OL 2000
- Folk frå Bergen