Burin i Nablus
Burin | |||
بورين | |||
kommune | |||
Burin i 2011
| |||
Land | Dei palestinske territoria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Nablus guvernement | ||
Koordinatar | 32°11′03″N 35°14′59″E / 32.18417°N 35.24972°E | ||
Folketal | 2 800 (2008) | ||
Burin i Nablus 32°11′03″N 35°14′59″E / 32.184166666667°N 35.249722222222°E | |||
Kart som viser Burin i Nablus.
| |||
Wikimedia Commons: Burin, Nablus | |||
Nettstad: www.burin.org.ps |
Burin (arabisk بورين) er ein palestinsk landsby i Nablus guvernement nord på Vestbreidda, 7 kilometer sørvest for Nablus. Landsbyen hadde eit folketal på kring 2 800 i 2008.
Historie
[endre | endre wikiteksten]På 1100- og 1200-talet var Burin busett av muslimar.[1] Burin stod oppført i 1596 i osmanske skattelister som ein del av Jabal Qubal nahiya i Nablus liwa. Han hadde eit folketal på 120 hushaldningar og fem ungkarar, alle muslimar. Landsbybuarane betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar, oliven, og geiter eller bikubar, og ei presse for oliven eller druer.[2]
I 1882 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine Burin som ein «stor landsby i ein dal med ei kjelde i midten og nokre få oliventre.»[3]
I ei folketeljing i 1922 utført av Dei britiske mandatstyresmaktene hadde Burin eit folketal på 901, alle muslimarar,[4] medan han i folketeljinga i 1931 hadde 215 hus og eit folketal på 859 muslimar.[5]
I 1945 h adde Burin (i lag med Iraq Burin) 1 200 innbyggjarar, alle arabarar, med 19 096 mål land, i følgje ei offisiell landmåling.[6] Av dette var 1 797 mål var plantasjar og irrigert land, 8 741 nytta for korn,[7] medan 106 mål vart utbygd land.[8]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Burin, Nablus» frå Wikipedia på engelsk, den 24. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Barron, J. B., red. (1923). Palestine: Report and General Abstracts of the Census of 1922. Government of Palestine.
- Conder, Claude Reignier; Kitchener, H. H. (1882). The Survey of Western Palestine: Memoirs of the Topography, Orography, Hydrography, and Archeology 2. London: Committee of the Palestine Exploration Fund.
- Ellenblum, Ronnie (2003), Frankish Rural Settlement in the Latin kingdom of Jerusalem, Cambridge University Press, ISBN 978-0-521-52187-1
- Hadawi, Sami (1970). Village Statistics of 1945: A Classification of Land and Area ownership in Palestine. Palestinsk frigjeringsorganisasjon forskingssentral.
- Hütteroth, Wolf-Dieter; Abdulfattah, Kamal (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft. ISBN 3-920405-41-2.
- Mills, E., red. (1932). Census of Palestine 1931. Population of Villages, Towns and Administrative Areas (PDF). Jerusalem: Government of Palestine.
- Palmer, E. H. (1881). The Survey of Western Palestine: Arabic and English Name Lists Collected During the Survey by Lieutenants Conder og Kitchener, R. E. Transliterated and Explained by E.H. Palmer. Committee of the Palestine Exploration Fund.
- ↑ Ellenblum, 2003, s. 263.
- ↑ Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 132.
- ↑ Conder og Kitchener, 1882, SWP II, s. 162
- ↑ Barron, 1923, Table IX, UnderNablus sanjak
- ↑ Mills, 1932, s.60
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 59
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 105
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 155