Branta
Branta | |
Ringgås i North Carolina, USA Foto: Dick Daniels
| |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Andefuglar Anseriformes |
Familie: | Andefamilien Anatidae |
Underfamilie: | Anserinae |
Slekt: | Branta Scopoli, 1769 |
Branta er ei biologisk slekt av seks artar «svarte gjæser», vassfuglar i andefamilien Anatidae. Dei lever i dei nordlege kystregionene av den palearktiske regionen og over heile Nord-Amerika og Grønland. Om vinteren migrerer dei til meir sørlege kystar. Hawaiigås er standfugl på Hawaii. Det finst òg forvilla fuglar av innførte kanadagjæser på New Zealand.
Artar innanfor slekta Branta kan skiljast frå alle andre gjæser på dei svarte mørk gråfarga bein. I tillegg svart nebb og store svarte område på hovud og nakke, med kvite, eller i éit tilfelle, oker, detaljar som kan brukast til å skilje dei ulike artene frå kvarandre. Hawaiigås, som på mange måtar skil seg frå dei andre, har ingen kvite detaljar på hovudet og svært lite svart, men som hos dei fleste gjæser er øvre og nedre stjertdekkarane kvite. Mange Branta-artar er mindre i storleik enn gjæser i andre slekter.
Dei eurasiske artane av Branta har ein meir kystnær utbreiing enn dei «grå gjæsene» i Anser. Jamvel om vinteren held dei seg nær havet.
Artslista
[endre | endre wikiteksten]Branta i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.10 frå august 2015 [1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[2]
Namn | Vitskapleg namn | Engelsk namn | Status | Autor | Utbreiing etter Handbook of the Birds of the World Alive. |
---|---|---|---|---|---|
Ringgås | B. bernicla | Brant | LC | Linné, 1758 | B. b. bernicla den arktiske kysten av det sentrale og vestlege Sibir og overvintrar i Vest-Europa: sørlege England, Nord-Tyskland og nordlege Frankrike. B. b. hrota Franz Josef Land, Svalbard, Grønland og i det nordaustlege Canada, overvintrar i Danmark, nordaustre England, Irland og på den atlantiske kysten av USA frå Maine til Georgia. B. b. nigricans nordvestlege Canada, Alaska og overvintrar på vestkysten av Nord-Amerika frå det sørlege Alaska til California. B. b. orientalis nordaustlege Sibir, overvintrar (truleg) i Aust-Asia, Japan, og rundt Gulehavet.[3] |
Kvitkinngås | B. leucopsis | Barnacle Goose | LC | Bechstein, 1803 | Hekking på Aust-Grønland, overvintring på Hebridane , vestlege Skottland og i det vestlege Irland. Bestand 2 hekking på Svalbard, overvintring i Solway Firth på grensa mellom England og Skottland. Bestand 3 hekking på Novaja Zemlja, overvintring i Nederland. Bestand 4 hekking på øyar i Austersjøen, overvintring i Nederland.[4] |
Polargås | B. hutchinsii | Cackling Goose | LC | Richardson, 1832 | Frå vestre Aleutane til begge sider av nordre Hudsonbukta i Canada. Overvintring i Japan, vestleg USA, Mexico og sørlege USA.[5] |
Kanadagås | B. canadensis | Canada Goose | LC | Linné, 1758 | Nord-Amerika. Området om tilsvarar omtrent Alaska, Canada og sørvestre Grønland er berre brukt i hekkesesongen, USA og litt inn i nordlege Mexico er berre brukt til overvintring. Hekking førekjem så langt sør som i Florida. Arten er introdusert i norvestlege Europa medrekna Fennoskandia, han er dessuten innført til New Zealand.[6] |
Hawaiigås | B. sandvicensis | Hawaiian Goose | VU | Vigors, 1834 | Utbreiinga er avgrensa til øyar i Hawaii der han stort sett er standfugl.[7] |
Raudhalsgås | B. ruficollis | Red-breasted Goose | EN | Pallas, 1769 | Hekkar på tundra på Tajmyrhalvøya og vest til og med Jamalhalvøya. Overvintrar på tre åtskilte område: Vestlege Tyrkia og i ei stripe langs vestkysten av Svartehavet, i nordlege Iran mot Kaspihavet og i eit mindre område sør i Irak og litt inn i Iran.[8] |
- Utbreiing i Noreg
Ringgås og kvitkinngås hekkar på Svalbard og trekker langs norskekysten, polargås og raudhalsgås er svært sjeldne gjester under trekk eller streif.[9]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Clements, J.F.; T. S. Schulenberg; M. J. Iliff; B.L. Sullivan; C. L. Wood; D. Roberson (august 2015), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.10 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 18. mai 2016
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
- ↑ Carboneras, C., Christie, D.A. & Kirwan, G.M. (2016). Brent Goose (Branta bernicla). I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. (retrieved from http://www.hbw.com/node/52823 on 18 May 2016).
- ↑ Carboneras, C. & Kirwan, G.M. (2016). Barnacle Goose (Branta leucopsis). I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. (retrieved from http://www.hbw.com/node/52822 on 18 May 2016).
- ↑ del Hoyo, J., Collar, N. & Kirwan, G.M. (2016). Cackling Goose (Branta hutchinsii). I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. (retrieved from http://www.hbw.com/node/467112 on 18 May 2016).
- ↑ Carboneras, C., Christie, D.A. & Kirwan, G.M. (2016). Canada Goose (Branta canadensis). I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. (retrieved from http://www.hbw.com/node/52821 on 18 May 2016).
- ↑ Carboneras, C. & Kirwan, G.M. (2016). Hawaiian Goose (Branta sandvicensis). I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. (retrieved from http://www.hbw.com/node/52820 on 18 May 2016).
- ↑ Carboneras, C., Kirwan, G.M. & Sharpe, C.J. (2016). Red-breasted Goose (Branta ruficollis). I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. (retrieved from http://www.hbw.com/node/52824 on 18 May 2016).
- ↑ Søk på artsobservasjoner.no
- Denne artikkelen byggjer på «Branta» frå Wikipedia på engelsk, den 24. november 2011
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (no) Branta hos Artsdatabanken
- (en) Branta – oversikt og omtale av artane i WORMS-databasen
- (en) Branta i Encyclopedia of Life
- (en) Branta i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) Branta hos Dyntaxa
- (en) Branta hos Fauna Europaea
- (en) Branta hos Fossilworks
- (en) Branta hos ITIS
- (en) Branta hos NCBI
- (en) Kategori:Branta – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Branta – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons