Bríet Bjarnhéðinsdóttir
Bríet Bjarnhéðinsdóttir | |
Statsborgarskap | Island |
Fødd | 27. september 1856 Austur-Húnavatnssýsla |
Død | |
Yrke | politikar, redaktør, journalist |
Bríet Bjarnhéðinsdóttir på Commons |
Bríet Bjarnhéðinsdóttir (27. september 1856–16. mars 1940) var ein islandsk kvinnesaksforkjempar, lærar og redaktør, som skipa Kvenréttindafélag Íslands og kvinnetidsskriftet Kvennablaðið.[1] Ho engasjerte seg i kvinnesaksarbeidet på Island frå 1880-åra og var blant grunnleggjarane av den islandske kvinneforeininga Hið íslenska kvenfélag i 1894. Ho gjekk inn for røysterett for kvinner, og etter at kvinneforeininga vegra seg for å gå inn for dette etablerte ho på 1900-talet tett kontakt med leiarar i kvinnesaksrørsla i Noreg, Danmark og USA, og med Den internasjonale kvinnerøysterettsalliansen. I 1907 grunnla hun den islandske kvinnesaksforeininga, Kvenréttindafélag Íslands, og leia foreininga gjennom nesten 20 år i to periodar (1907–1911 og 1912–1927). Foreininga sprang ut av den progressive fløyen av kvinneforeininga, som gjekk inn for full politisk likestilling. I 1895 skipa ho det fyrste kvinnetidsskriftet på Island, Kvennablaðið. Ho var medlem av bystyret i Reykjavík frå 1908.
Biografi
[endre | endre wikiteksten]Bjarnhéðinsdóttir tok eksamen som lærar i 1880 og arbeidde som lærar i Reykjavík frå slutten av 1880-åra. Samstundes byrja hi å engasjere seg i kvinnesaka. I 1888 gifta ho seg med den liberale tidsskriftredaktøren Valdimar Ásmundsson (1852–1902), som skipa tidsskriftet Fjallkonan. I 1894 var ho blant initiativtakarane til den islandske kvinneforeininga. Ho skipa også tidsskriftet Kvennablaðið i 1895, og tidsskriftet blei gjeve ut fram til 1919. Mellom 1898 og 1903 gav ho ut Barnabladíð.
Bjarnhéðinsdóttir hadde kontakt med leiande kvinnesaksforkjemparar i Danmark, Noreg og Sverige, og med Carrie Chapman Catt, grunnleggjaren av Den internasjonale kvinnerøysterettsalliansen (no International Alliance of Women). Ho deltok på alliansen sin kongress i København i 1906 (den tredje internasjonale kvinnerøysterettskongressen), og impulsane frå kontaktane ho knytta i Norden og internasjonalt bidrog til at ho i 1907 skipa Kvenréttindafélag Íslands, der ho var leiar frå 1907 til 1911 og frå 1912 til 1927.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Bjarnhéðinsdóttir «Briet_Bjarnhéðinsdóttir» i Store norske leksikon, snl.no.
- ↑ Ártöl og áfangar í sögu íslenskra kvenna, Kvennasögusafn Íslands, Reykjavík 1998
- Denne artikkelen bygger på «Bríet Bjarnhéðinsdóttir» frå Wikipedia på bokmål, den 5. mars 2024.