Babeli Giezendanner
Utsjånad
Babeli Giezendanner | |
Statsborgarskap | Sveits |
Fødd | 29. mai 1831 Ebnat-Kappel |
Død |
18. oktober 1905 (74 år) |
Yrke | kunstmålar |
Babeli Giezendanner på Commons |
Babeli Giezendanner, fullt namn Anna Barbara Aemisegger-Giezendanner, (29. mai 1831–18. oktober 1905) var ein sveitsisk målar av folkekunst. Ho var ei av dei få kvinnene som på den tid dreiv med kunstmåling i Sveits. På folkemunne vart ho kalla «s'Giezedanners Babeli».
Etter at mannen døydde tidleg i ei ulykke, forsøkte Barbara Aemisegger-Giezendanner å tene til livsopphaldet gjennom måling. Utanom dette arbeidde ho som kramkar og vevar. Men fortenesta var for låg, så ho fekk økonomisk stønad frå lokalsamfunnet Hemberg.
Ho var mor til tre born.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Babeli Giezendanner» frå Wikipedia på tysk, den 5. mars 2012.