Australsivhauk
Australsivhauk | |
Australsivhauk i Hamilton Zoo, New Zealand Foto: Brian Gratwicke
| |
Status | |
Status i verda: Livskraftig | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Haukefuglar Accipitriformes |
Familie: | Haukefamilien Accipitridae |
Slekt: | Kjerrhaukar Circus |
Art: | Australsivhauk C. approximans |
Vitskapleg namn | |
Circus approximans |
Australsivhauk (Circus approximans) er ein rovfugl i haukefamilien, ein stor kjerrhauk som hekkar over store delar av Australia, Ny-Guinea og på stillehavsøyar inkludert New Zealand.
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Australsivhauken er ein relativt stor hauk, hofuglar er størst, ca. 60 cm og 850 gram, hannfuglar 55 cm og 650 gram. Fjørdrakta for unge fuglar er mørk brun, men blir gradvis lysare med alderen. Vaksne fuglar er mørk brune på oversida og hovudet, men lysare i andletet. Overgumpen er heilt kvit. Undersida av kroppen er raudleg brun med mørkebrune striper. I flukt viser australsivhaukar lange, svakt V-forma venger som har «fingrar» av sprikande primærfjører. Undersida av vengene kan bli heilt kvite hos dei eldste fuglane. Halen er litt avrunda, hos vaksne er halen lys med mørke tverrstriper.
Ein kan finne australsivhauken i delar av Australia som ikkje er tørre, på søraustre Ny-Guinea, på sørlege stillehavsøyar som New Zealand, Vanuatu, Ny-Caledonia, Fiji, Tonga og på Wallis-øyane. Dei er streiffuglar til fleire andre øyar som til dømes Cookøyane, og regelmessig til øyar som Aucklandøyane og Campbelløyane.
Dietten er variert og sett saman av åtsel og bytte som dei fangar sjølv. Dei tar bakkelevande fuglar og vassfuglar, kaninar, piggsvin og andre små pattedyr, reptil, froskar og fisk. I vintermånadene lever dei mykje på kadaver, inkludert trafikkdrepne dyr.
Australsivhaukar jaktar ved å flyge lågt og sakte, kan dessutan sveveflyge høgt. Habitata er våtmarker inkludert sumpar, saltmyrer, rismarker. På New Zealand òg område der sauar beitar og elles det meste av landskapstypar, men unngår skog og urbaniserte område. Utanom hekketida lever dei vanlegvis einslege, streifer til nye område, men kan òg samlast i store flokkar på over 100 fuglar om vinteren.
I samband med førebuing til hekkesesongen etablerer hannen eit territorium i mai eller juni som dei startar å patruljere. Vern av territoriet kan skje gjennom oppvisingar mellom stridande hannar i lufta, seinare kan ein sjå oppvisingar i samband med kurtisering som inkluderer stup. Hoa byggjer reiret, vanlegvis på bakken i våte område. Ho legg 2-5, maksimum 7 egg som ho rugar aleine. Klekkinga skjer etter 31-34 dagar, i denne perioden matar hannen maken sin. Etter klekking held hannen fram med å bringe føde til hoa, som ho då fordeler til ungane. Ungane kan flyge etter 6-7 veker. Dei er 2-3 år nå dei blir hekkefuglar, hoer kan starte etter eitt år. Det eldste kjente individet av australsivhauk på New Zealand blei over 18 år.
Populasjonen av australsivhaukar i verda er stabil, australsivhaukar er vanlege i utbreiingsområdet og arten har status som livskraftig (LC).[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (revised edition), Viking, 2005
- BirdLife International (2013) Species factsheet: Circus approximans Arkivert 2015-10-23 ved Wayback Machine.. Henta frå http://www.birdlife.org den 21. februar 2013.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ BirdLife International 2013
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Gerard Hutching. Birds of prey - Australasian harrier, Te Ara - the Encyclopedia of New Zealand, oppdatert 13. juli 2012, henta 21. februar 2013