Asbjørn Sjøthun
Asbjørn Sjøthun | |||
| |||
Fødd | 20. juli 1927 Balsfjord kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 28. mars 2010 (82 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Asbjørn Sjøthun (20. juli 1927–28. mars 2010) var ein norsk gardbrukar og politikar frå Balsfjord i Troms. Han var stortingsrepresentant frå Troms og for Arbeidarpartiet i perioden 1969–89.
Etter han gjekk Troms landbruksskole på Gibostad vinteren 1947/48, var Sjøthun lærarvikar i folkeskulen i Balsfjord og Storfjord fram til 1951. Han tok då over farsgarden Vollan i Balsfjord og dreiv denne i fleire tiår.
Sjøthun var medlem i heradsstyret i Balsfjord i fire samfulle periodar, 1956-71. Han var ordførar i Balsfjord i tida 1962 til 1969, då han vart vald til stortingsrepresentant for Troms fylke. Med attval i 1973, -77, -81 og -85 hadde Sjøthun sete i Stortinget i 20 år. Alle tjue stortingssesjonane var han med i Landbrukskomitéen. Han var ordinær medlem dei fyrste åtte sesjonane, dei neste åtte var han sekretær og dei fire siste leiar i komiteen.
Fram til 1992 var Sjøthun disponent for Troms Skogeierforening.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Einskildmenn
- Fødde i 1927
- Døde i 2010
- Stortingsrepresentantar 1969-1973
- Stortingsrepresentantar 1973-1977
- Stortingsrepresentantar 1977-1981
- Stortingsrepresentantar 1981-1985
- Stortingsrepresentantar 1985-1989
- Stortingsrepresentantar for Troms
- Stortingsrepresentantar frå Ap
- Ordførarar i Balsfjord
- Ap-ordførarar i Troms
- Norske gardbrukarar
- Folk frå Balsfjord