Arve Vorvik
Arve Vorvik | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 7. januar 1974 (50 år) |
Idrett | skihopping |
Arve Vorvik (fødd 7. januar 1974) er ein norsk, tidlegare skihoppar som representerte Byåsen IL. Vorvik har tre individuelle medaljar i NM og fem medaljar frå laghopp. Han vart noregsmeister i normalbakken i Marikollen i 1995, med klar margin til sølvvinnaren Øyvind Berg og Espen Bredesen på bronseplass. Sidan tok Vorvik sølv i normalbakken i Stryn i 1996 og normalbakken i Mo i Rana i 1997. I lag-NM var han med å vinne gull i 1995, 1997 og 1998, og sølv i 1994 og 1996, alle for Sør-Trøndelag.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Vorvik debuterte i verdscupen med 40. plass i storbakken på Lillehammer i februar 1995. Beste tevlinga hans i verdscupen i Iron Mountain i februar 1996 enda med ein åttandeplass.
Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn
[endre | endre wikiteksten]- 1995: Nr 28 i storbakken under Ski-VM i 1995 i Thunder Bay
- 1996: Nr 8 i Iron Mountain
- 1997: Nr 20 i Engelberg
I lagkonkurransen under Ski-VM 1995 var han på det norske laget som vart nummer 7 av 11 lag.
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap
[endre | endre wikiteksten]- Ski-NM 1994: Nr 9 i normalbakken i Vegårshei
- Ski-NM 1995: Gullmedalje i normalbakken i Rælingen
- Ski-NM 1996: Sølvmedalje i normalbakken i Stryn
- Ski-NM 1997: Sølvmedalje i normalbakken i Mo i Rana
- Ski-NM 1998: Nr 6 i storbakken i Meldal
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Arne Thoresen: Lengst gjennom lufta. Versal Forlag, Oslo 2007. ISBN 978-82-8188-030-6. s. 334-341
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Arve Vorvik (kalla Arne Vorvik) i fis-ski.com