Hopp til innhald

Arill Riise

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arill Riise

Statsborgarskap Noreg
Fødd 5. desember 1958 (66 år)
Ørsta kommune
Yrke journalist, programleiar, nyhetsanker, faglitterær forfattar
Arill Riise på Commons

Arill Riise (fødd 5. desember 1958 i Sæbø) er ein norsk journalist. Han har tidlegare jobba som nyheitsanker i Dagsrevyen i NRK, og vore informasjonsleiar i Fiskebåtredernes Forbund. I august 2006 byrja han som programleiar i God morgen, Norge!TV 2. I 2008 var han programleiar for Landstinget i same kanal. Han har også vore programleiar for Norge Rundt, Sommeråpent og NRKs kveldsendingar frå VM på ski i Trondheim i 1997. Han jobbar no som nyheitsanker i TV 2 på kveldsendingane 1830 og 21. I 2014 leia han TV 2 sine morgon og dagsendingar frå OL i Sotsji saman med Annemarta Giske. Han fekk prisen Årets nynorskbrukar frå Nynorsk kultursentrum i 2012 og Kringkastingsprisen i 2016.

Bibliografi

[endre | endre wikiteksten]
  • 1994: Blå fjordar, blått blod
  • 1998: Livet på Sunnmøre blant bona og dæmmagutta
  • 2006: Sild og Grandiosa
  • 2024: Der ingen var einsam. Klyngetunet som vart utsletta