Amy
Utsjånad
Amy (uttalt /eimi/) er eit kvinnenamn, ei engelsk-amerikansk form av det franske namnet Aimée, som tyder 'elska, kjær' – jamfør latin amata, 'elska'.
Bruk
[endre | endre wikiteksten]Namnet Amy har tradisjonelt vore mykje brukt i USA, særleg ved midten av 1900-talet. Det hadde ein topp i 1975, då oppimot 2,1 % av nyfødde jenter fekk namnet. Det har også vore populært i fleire andre land, og var i 2011 det 14. mest brukte namnet i Irland og Skottland og det 27. mest brukte i Nederland.
Bruken av namnet i Noreg
[endre | endre wikiteksten]Namnet kom i bruk i Noreg på 1800-talet, registrert brukt på ein treåring i Vestre Aker i folketeljinga for 1865.
- I folketeljinga frå 1900 var 23 personar listeført med namnet Amy.
- I 2011 hadde 326 norske kvinner Amy til første fornamn.
Kjende namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Amy Lowell (1874–1925), USA-amerikansk forfattar
- Amy Johnson (1903–1941), engelsk flygar
- Amii Stewart (f. 1956), USA-amerikansk songar
- Amy Thomson (f. 1958), USA-amerikansk forfattar
- Amy Grant (f. 1960), USA-amerikansk artist
- Amy Brenneman (f. 1964), USA-amerikansk skodespelar
- Amy Adams (f. 1974), USA-amerikansk songar og skodespelar
- Amy Acker (f. 1976), USA-amerikansk skodespelar
- Amy Lee (f. 1981), USA-amerikansk songar, kjend frå Evanescence
- Amy Winehouse (1983-2011), britisk artist
- Amy Kuney (f. 1985), USA-amerikansk musikar
- Amy Macdonald (f. 1987), skotsk songar og låtskrivar
- Amy Diamond (f. 1992), svensk songar
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]- Søk etter norsk namnestatistikk for Amy hjå Statistisk Sentralbyrå
- Folketeljingar i Digitalarkivet
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Olav Veka: Namneboka, Det Norske Samlaget 1991 ISBN 2-521-3604-4
- «Amy» ved behindthename.com