Hopp til innhald

Al B. Sure!

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Al B. Sure

Fødd4. juni 1968 (56 år)
FødestadBoston
FødenamnAlbert Jason Brown III
OpphavBoston, Massachusetts, United States
Aktiv1987 til i dag
SjangerUrban, New Jack Swing, Quiet Storm, R&B
InstrumentVokal, keyboard
Tilknytte artistarQuincy Jones, Heavy D.
PlateselskapWarner Bros. Records, Hidden Beach Records
Verka somSongar, låtskrivar, plateprodusent, musikar, disc jockey
Gift medKim Porter

Albert Jason Brown III (fødd 4. juni 1968) er ein amerikansk songar, låtskrivar og plateprodusent.

I 1987 valde Quincy Jones han ut som vinnaren av ein talentkonkurranse for Sony. Han fekk derfor arbeide med Jones på fleire prosjekt. Debutalbumet hans kom ut i 1988. In Effect Mode selde meir enn to millionar eksemplar og toppa R&B-lista i USA sju veker på rad. Albumet inneheldt hitsingelen «Nite and Day» som toppa R&B-lista og nådde 7. plass på Billboard Hot 100. Han fekk fleire Grammy-nominasjonar.

Diskografi

[endre | endre wikiteksten]
  • 2009: Honey I'm Home, Hidden Beach Recordings
  • 1992: Sexy Versus, Warner Bros. Records
  • 1990: Private Times...and the Whole 9!, Warner Bros. Records
  • 1988: In Effect Mode, Warner Bros. Records

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]