Hopp til innhald

Peder Pedersson Hjermann den yngre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 25. august 2024 kl. 08:27 av Ranveig (diskusjon | bidrag) (rydda/retta using AWB)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Peder Pedersson Hjermann den yngre
Fødd3. mai 1812
Lærdal kommune
Død3. januar 1863 (50 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkebonde, politikar
FarPeder Hjermann
Alle verv

Peder Severin Pedersson Hjermann (3. mai 18123. januar 1863) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Lærdal i Sogn. Peder Pedersson Hjermann den eldre var far hans.

Hjermann tok over farsgarden Stønjum i Lærdal då faren døydde i 1834 og dreiv denne til han døydde. I 1837 kom han med i det fyrste heradsstyret og var medlem av dette til 1859. Frå 1844 var han forlikskommissær. Hjermann var 1. representant frå Nordre Bergenhus amtStortinget i 1845, der han var medlem av justiskomiteen.

Han døydde på garden sin i Lærdal i 1863.

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914