Hopp til innhald

Mafraq guvernement

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 28. mai 2024 kl. 15:59 av HerVal7752 (diskusjon | bidrag) (Småfiks)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Mafraq
المفرق
guvernement
Rådhuset i byen Khalediyya
Land  Jordan
Nahiyaer 4
Byar Ruwaished
Hovudstad Mafraq
Areal 26 550,6 km²
Folketal 549 948 (2015)[1]
Tidssone GMT +2
Retningsnummer +(962)2
Urban 39.2%
Rural 60.8%
Kart
Mafraq guvernement
32°16′00″N 36°09′20″E / 32.266666666667°N 36.155555555556°E / 32.266666666667; 36.155555555556
Mafraq guvernement i Jordan
Mafraq guvernement i Jordan
Mafraq guvernement i Jordan
Wikimedia Commons: Mafraq Governorate
Nahiaer i Mafraq.

Mafraq (arabisk محافظة المفرقAl-Mafraq, lokale dialektar Mafrag eller Mafra' ) er eit guvernement i Jordan, nordaust for Amman, hovudstaden i Jordan. I 2015 hadde guvernementet eit folketal på 549 948. Administrasjonssenter er Mafraq, som er kjend for militærbasane sine.

Ein har funne mange romerske og bysantinske stader kring guvernementet, hovudsakleg kyrkjer frå 200-talet evt, og to av dei trur ein er av dei aller eldste kyrkjene som er bygd. Det finst òg romerske vassreservoar i Ruwaished og byen Mafraq. Mafraq har òg eit romersk fort.

Under Det britiske mandatet husa Mafraq militæranlegg som framleis er i drift i dag. Den tredje divisjonen til den jordanske hæren er stasjonert i Mafraq.

Provinsen ligg i aust i Jordan. Det er det einaste guvernementet i Jordan som grensar til tre land: Irak i aust, Syria i nord og Saudi-Arabia i sør. Det grensar til Irbid og Jerash guvernement i vest, og til Zarqa guvernement i sør.

Mafraq guvernement har det nest største arealet i landet, men den nest lågaste folketettleiken. Klimaet er tørt det meste av året. Dei vestlege delane av provinsen ligg på den frodige Hauran-sletta, og strekkjer seg inn i sørlege Syria, Golanhøgda og nordlege Jordan.

Det ligg ein grenseovergang frå guvernementet til Irak ved Karameh grenseovergang, og til Syria ved Jabir grenseovergang.

Folketalet i Mafraq guvernement var i 2004 244 188 der 30 % budde i byar og 70 % på landsbygda. Jordansk statistikkdepartement estimerte at det i 2010 var 287 300 innbyggjarar. I 2011 og 2012 førte borgarkrigen i Syria til at meir enn 180 000 syriske flyktningar kom til Jordan, dei fleste til Mafraq og Irbid guvernement. I juli 2012 opna Zaatari flyktningleir for syriske flyktningar.

Administrativ inndeling

[endre | endre wikiteksten]

Mafraq guvernement er delt inn i fire distrikt (eller nahiyaer):

Naihya Arabisk namn Inndeling Administrativt senter Folketal (2004) Folketal (2008 est.)
1 Nafraq Casabah لواء قصبة المفرق omfattar 72 byar og landsbyar Mafraq . 101 712 114 550
2 Ruwaishid nahiya لواء الرويشد omfattar 12 byar og landsbyar Ruwaished 9 805 11 040
3 Nord-Badiya (Badiah Shamaliyah) nahiya لواء البادية الشمالية omfattar 67 byar og landsbyar Sabh 57 706 64 990
4 Vest-Badiya (Badiah Gharbiyah) nahiya لواء البادية الشمالية الغربية omfattar 45 byar og landsbyar Sama as-Sarhan قلايدالخيل 74 965 84 420

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Mafraq guvernement