Det indiske kastesystemet
Det indiske kastesystemet er den kastestyrte samfunnsordninga som har utvikla seg i India gjennom fleire tusen år. Dette er eit system som er nedfelt i hinduskrifter, tradisjonar og lovtekstar, men også forsøkt endra gjennom aktivisme, lovverk og religiøse reformer. Liknande system er utbreidde over heile Sør-Asia og tildels i sørasiatiske utvandrarmiljø.
Den religiøst baserte grovinndelinga av samfunnet inneheld fire kastegrupper kalla varna ('farge'): Bramin ('prest/lærd'), ksjatrya ('krigar'), vaisjya ('handverkar') og sudra ('tenar'). Denne inndelinga går på tvers av geografiske og språklege linjer. Men medlemmene i kastesamfunnet høyrer også til mindre grupper, ofte kalla jati, som er tilknytte særskilde stader, yrke, språk- eller folkegrupper. I det tradisjonelle kastesystemet gifta ein seg nesten berre innanfor desse gruppene, og følgde levesettet til sin jat.[1]
Kasteordninga er særleg tett bunde til hinduismen, men finst òg blant dei andre religiøse gruppene i Sør-Asia. Kastane er nemnde i buddhistiske tekstar som brāhmaṇa, khattiya, vessa og sudda, men den siste er ofte utelaten. Buddha sjølv meinte at kaste ikkje var relevant for andeleg utvikling.[2]
Lovgjeving har sidan sjølvstendet i 1947 forsøkt å betra høva for lågkastene. I moderne bysamfunn har også utdanning, media, moderne arbeidsliv og politikk ført til at kaste har mindre tyding enn hadde tidlegare,[3] men på landsbygda og i visse samanhengar (forhold, ekteskap, politikk og liknande) kan det framleis vera særs relevant.[4]
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Scott, J., & Marshall, G.(2009), «caste» (avgrensa tilgang) i A Dictionary of Sociology, Oxford University Press (henta 3. juni 2013)
- ↑ Keown, Damien, «caste» (avgrensa tilgang). A Dictionary of Buddhism, Oxford University Press, 2004. Oxford Reference. 2004 (henta 3. juni 2013)
- ↑ «caste», A Dictionary of Public Health. Ed. Last, John M. Oxford University Press, 2007. Oxford Reference. 2007 (Avgrensa tilgang).
- ↑ Bayly, Susan (1999). Caste, Society and Politics in India from the Eighteenth Century to the Modern Age. Cambridge: Cambridge University Press. ISBN 978-0-521-26434-1. doi:10.2277/0521264340.; Jeffrey, Craig (2001). «'A Fist Is Stronger than Five Fingers': Caste and Dominance in Rural North India». Transactions of the Institute of British Geographers, New Series 26 (2): 217–236. JSTOR 3650669. doi:10.1111/1475-5661.00016.. Oppgjevne av Engelsk Wikipedia i «Caste system in India».