Hopp til innhald

T.S. Eliot

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 15. oktober 2022 kl. 11:35 av InternetArchiveBot (diskusjon | bidrag) (Rescuing 0 sources and tagging 1 as dead.) #IABot (v2.0.9.2)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
T.S. Eliot

Statsborgarskap USA, Storbritannia, Storbritannia
Fødd 26. september 1888
Saint Louis
Død

4. januar 1965 (76 år)
Kensington, London

Yrke skodespelforfattar, lyrikar, essayist, litteraturkritikar, samfunnskritiker, novelleforfattar, universitetslærar, manusforfattar, songtekstforfattar, barnebokforfattar, journalist, kritikar, skribent, Nobel Prize winner
Sjanger dikt, litteraturkritikk
Medlem av American Academy of Arts and Sciences, Accademia Nazionale dei Lincei, Bayerische Akademie der Schönen Künste, American Academy of Arts and Letters, Phi Beta Kappa, James Joyce Society
Religion unitarisme, anglo-catholicism
Far Henry Ware Eliot
Mor Charlotte Champe Stearns
Ektefelle Vivienne Haigh-Wood Eliot, Valerie Eliot
Signatur
T.S. Eliot på Commons
T.S. Eliot teikna av Simon Fieldhouse.

Thomas Stearns Eliot (26. september 18884. januar 1965), kjend som T. S. Eliot, var ein amerikansk-engelsk diktar, dramatikar og litteraturkritikar. Han var viktig innan modernismen i engelsk litteratur, og er best kjend for det omfattande diktet The Waste Land. T.S. Eliot fekk Nobelprisen i litteratur i 1948 og blei tildelt den amerikanske Presidentens fridomsmedalje i 1964. Eliot var fødd i USA, men døydde i London som britisk statsborgar.

T.S. Eliot var fødd i Saint Louis i den amerikanske delstaten Missouri i ein framståande familie, som son av diktaren og sosialarbeidaren Charlotte Champe, fødd Stearns, og forretningsmannen Henry Ware Eliot. Thomas Stearns Eliot, som var kalla opp etter morfaren Thomas Stearns, var den yngste av seks sysken.

Etter eit førebuande år ved Milton Academy i Massachusetts studerte Eliot ved Harvard frå 1906 til 1909. Deretter studerte han i eitt år ved Sorbonne i Paris og reiste rundt i Europa. Han blei kjend med Scofield Thayer, som seinare skulle gje ut The Waste Land, då han var ved Milton, og knytte eit livslangt vennskap med forfattaren Conrad Aiken ved Harvard. Her gjorde han seg også kjend med diktarar som Laforgue, Arthur Rimbaud og Verlaine, og las The Symbolist Movement in Literature av Arthur Symons.

I 1911 byrja Eliot på ei doktorgrad i filosofi ved Harvard, og fekk eit stipend til å vitja Merton College i Oxford i 1914. Året etter gifta han seg med engelske Vivienne Haigh-Wood, eit noko overilt ekteskap som enda med separasjon.

Etter Oxford flytta Eliot til London, der han livnærte seg gjennom å skriva bokmeldingar og halda foredrag. Han fekk ei stilling ved Lloyds Bank i 1917, men flytta til utgjevarane Faber and Gwyer i 1925. I London og Paris hadde han omgang med nyskapande kunstnarar som Wyndham Lewis og modernistiske forfattarar som Ezra Pound, James Joyce og Virginia Woolf. Eliot hadde funne heimen sin i England, og i 1927 blei han britisk statsborgar og gjekk inn i Den anglikanske kyrkja.

This is the way the world ends
This is the way the world ends
This is the way the world ends
Not with a bang but a whimper.

T. S. Eliot
«The Hollow Men» (1925)

Då Eliot fekk tilbod om ei eittårig professorstilling ved Harvard i det akademiske året 1932-33, flytta han frå Vivienne, og tok ut formell separasjon då han kom tilbake. Ho døydde i 1947 på eit sinnsjukehus. Frå 1946 til 1957 delte Eliot leilegheit med vennen John Davy Hayward, som tok vare på og arkiverte mange av skriftene hans. I 1957 gifta han seg med den 37 år yngre Esmé Valerie Fletcher, som hadde vore sekretæren hans gjennom mange år. Ekteskapet var lukkeleg, men kortvarig. Eliot hadde lenge hatt røykerelaterte helseproblem, og døydde i 1965 av lungeemfysem.

Bibliografi

[endre | endre wikiteksten]
  • Sweeney Agonistes (utgjeve 1926, urframføring 1934)
  • The Rock (1934)
  • Murder in the Cathedral (1935)
  • The Family Reunion (1939)
  • The Cocktail Party (1949)
  • The Confidential Clerk (1953)
  • The Elder Statesman (first performed in 1958, published in 1959)
  • The Second-Order Mind (1920)
  • Tradition and the Individual Talent (1920)
  • The Sacred Wood: Essays on Poetry and Criticism (1920)
  • Homage to John Dryden (1924)
  • Shakespeare and the Stoicism of Seneca (1928)
  • For Lancelot Andrewes (1928)
  • Dante (1929)
  • Selected Essays, 1917–1932 (1932)
  • The Use of Poetry and the Use of Criticism (1933)
  • After Strange Gods (1934)
  • Elizabethan Essays (1934)
  • Essays Ancient and Modern (1936)
  • The Idea of a Christian Society (1940)
  • Notes Towards the Definition of Culture (1948)
  • Poetry and Drama (1951)
  • The Three Voices of Poetry (1954)
  • The Frontiers of Criticism (1956)
  • On Poetry and Poets (1957)
  • To Criticize the Critic (1965)
  • The Waste Land: Facsimile Edition (1974)
  • Inventions of the March Hare: Poems 1909-1917 (1996)

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikisource

Originaltekst av T.S. Eliot ved Wikisource.

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: T.S. Eliot