Hopp til innhald

Nuorttanaste

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 13. oktober 2022 kl. 19:58 av InternetArchiveBot (diskusjon | bidrag) (Rescuing 1 sources and tagging 0 as dead.) #IABot (v2.0.9.2)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Nuorttanaste

Oppretta1898
Språknordsamisk
Nettstadhttps://nuorttanaste.no

Nuorttanaste ('Auststjerna') er det eldste samiske bladet som framleis kjem ut, frå 1898. Det vart gjeve ut av Den evangelisk-lutherske frikyrkja. Den første redaktøren var Gustav F. Lund frå Talvik.

Nuorttanaste blir redigert etter Friis-rettskrivinga, rettskrivinga til Bibelen frå slutten av 1800-talet. Då Bergsland-Ruong-rettskrivinga kom ut gjekk også Nuorttanaste over til den rettskrivinga, men på grunn av protestar gjekk dei attende til Friis-rettskrivinga. I dag blir ein del artiklar skrive på 1979-rettskrivinga, men for det meste er det Friis si rettskriving som gjeld.

I dag kjem Nuorttanaste ut i Karasjok som eit samarbeid mellom Frikyrkja og Norges Samemisjon.

Redaktørar i Nuorttanaste

[endre | endre wikiteksten]

Litteratur

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]