Hopp til innhald

Sheldon Lee Glashow

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 24. mai 2022 kl. 15:48 av TholmeBot (diskusjon | bidrag) (Fikser Spesial:Lint-Feil. Flytter Mal:Fotnoteliste på egen linje.)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Sheldon Lee Glashow

Fødd5. desember 1932 (92 år)
New York i USA
NasjonalitetUSA
Områdeteoretisk fysikk, elektrosvak teori, partikkelfysikk, field theory
Yrkefysikar, vitskapsperson, teoretisk fysikar, universitetslærar
InstitusjonarHarvard University
Boston University
University of California, Berkeley
Alma materCornell University
Harvard University
DoktorgradsrettleiarJulian Schwinger
Kjend forElektrosvak teori
Kritikk av superstrengteori
MedlemAccademia Nazionale dei Lincei
National Academy of Sciences
American Academy of Arts and Sciences
Det russiske vitskapsakademiet
American Philosophical Society
American Association for the Advancement of Science
American Physical Society

Sheldon Lee Glashow (fødd 5. desember 1932 ) er ein amerikansk fysikar ved Harvard University i Cambridge, Massachusetts.

Glashow mottok Nobelprisen i fysikk i 1979, saman med Abdus Salam og Steven Weinberg,[1] «for bidraget deira til teorien om foreinleg svak og elektromagnetiske vekselverknader mellom elementærpartiklar, mellom anna føreseiinga av den svake nøytrale straumen»

Glashow vart fødd i New York av jødiske immigrantar frå Russland[2] og vart uteksaminert frå Bronx High School of Science i 1950. Glashow var i same avgangsklasse som Steven Weinberg. Han fekk ein bachelor of arts frå Cornell University i 1954 og ein filosofisk doktorgrad i fysikk frå Harvard University i 1959 under rettleiing frå Julian Seymour Schwinger, nobelprisvinnar i fysikk. Etter uteksamineringa vart Glashow ein del av University of California, Berkeley og jobba som førsteamanuensis frå 1962 til 1966.[3] Han var professor ved MIT i 1974.[1]

  • The charm of physics (1991) ISBN 0-88318-708-6
  • From alchemy to quarks: the study of physics as a liberal art (1994) ISBN 0-534-16656-3
  • Interactions: a journey through the mind of a particle physicist and the matter of this world (1988) ISBN 0-446-51315-6
  • First workshop on grand unification: New England Center, University of New han pshire, April 10–12, 1980 redigert med Paul H. Frampton and Asim Yildiz (1980) ISBN 0-915692-31-7
  • Third Workshop on Grand Unification, University of North Carolina, Chapel Hill, April 15–17, 1982 redigert med Paul H. Frampton and Hendrik van Dam (1982) ISBN 3-7643-3105-4