Hopp til innhald

Kleine saamische Schriften

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 20. november 2019 kl. 21:25 av Sju hav (diskusjon | bidrag) (Nina Afanasjeva, sjå https://no.wikipedia.org/wiki/Nina_Afanasjeva)
Fil:KSS2 Cover.jpg
Kleine saamische Schriften, bind 2

Kleine Saamischen Schriften (norsk 'samiske småskrifter')[1] var ein skriftserie som blei grunna i 2008 av Michael Rießler og Elisabeth Scheller ved Humboldt-universitetet i Berlin for å publisere tverrfaglege bidrag om språk, litteratur og kultur i Sápmi (Sameland). Serien blei innstilt i 2014, etter at berre to titlar blei gitt ut. Han fortsette sidan under namnet Samica med nye redaktørar.

Forlagsaktiviteten hadde reint vitskaplege og ingen økonomiske mål. Bind 1 er ei liten samling av kildinsamiske folkloristiske eventyr av læraren Lazar Dmitrievitsj Jakovlev (1918–1993) frå Lovozero. Tekstene skulle støtte undervisninga i dette trua språket. Bind 2 er den andre utgitte diktsamlinga av den skoltesamiske forfattaren og diktaren Askold Bazhanov (d. 2012). I tillegg til den russiske originalversjonen, presenterer boken også for første gong ei engelsk omsetting av poesien til Bazhanov.

Oversikt over binda

  1. Kleine saamische Schriften. bind 1: Лазарь Д. Яковлев: Ла̄зэр ка̄ллса моаййнас : Кырьйха лӣ Е̄льцэ Нӣна. Red.: Нина Е. Афанасьева, Михаэль Рисслер (Lāzer kāllsa moajjnas : kyr'jcha lī Ēl'ce Nīna / L. Jakovlev, Nina Afanasjeva, M. Russler). Nordeuropa-Institut der Humboldt-Universität zu Berlin, Berlin 2008, ISBN 978-3-932406-91-1 (kildinsamisk, 38 s.)
  2. Kleine saamische Schriften. bind 2: Аскольд Бажанов: Стихи и поэмы о саамском крае (Stikhi i poemy o saamskom kraje / Askold Bazjanov ) = Askold Bažanov: Verses & poems on the Saami land. Translated by Naomi Caffee. Nordeuropa-Institut der Humboldt-Universität zu Berlin, Berlin 2009, ISBN 978-3-932406-92-8 (russisk, engelsk, 206 s.)

Referansar

  1. ISSN 1866-5632

Bakgrunnsstoff