Mjølkevegen
Mjølkevegen, Vinterbrauta eller Vintergata er den galaksen som inneheld solsystemet vårt. Han er 80 000 – 100 000 lysår i diameter og inneheld ein stad mellom 200 og 400 milliardar stjerner.
Mjølkevegen høyrer til mindretalet av spiralgalaksar som har stavforma sentrum i staden for ein rund kjerne, som er langt meir vanleg.
Mjølkevegen er medlem av galaksehopen den lokale gruppa. Denne gruppa har ein diameter på om lag 1 megaparsec og omfattar nokre dusin galaksar. Alle er mykje mindre enn Mjølkevegen, så nær som Andromeda-galaksen, som er litt større, og som ligg omtrent 3 millionar lysår unna. Mange av dei mindre galaksane er satellittar til dei to store. Den lokale hopen ligg heilt i utkanten av den gigantiske superhopen Virgo-hopen i stjernebiletet Jomfrua.