Hopp til innhald

Schizofreni

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 20. mars 2016 kl. 19:15 av Jeblad (bot) (diskusjon | bidrag) (Legg til 'Autoritetsdata' nederst på sida)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Schizofreni (frå gresk schizo, «splitta» og phrenos, «sinn») er ein alvorleg psykiatrisk sjukdom som ofte debuterer i ung vaksen alder. Utviklinga kan vera kronisk, men delvis eller fullstendig betring er også mogleg. Trass i etymologien, har sjukdommen til vanleg ikkje noko med spalta person å gjera. Symptoma dreiar seg om vrangførestillingar, hallusinasjonar og at ein vert tilbakedregen. Årsakene til schizofreni er det lite vit om, men det er kartlagt ei rekkje faktorar som verker å vera assosiert med sjukdommen. Behandlinga er kompleks, og ingen sikker kurativ behandling er etablert.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.