Hopp til innhald

Biskop

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 20. mars 2016 kl. 18:12 av Jeblad (bot) (diskusjon | bidrag) (Legg til 'Autoritetsdata' nederst på sida)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Biskopen Henrik med typiske bispesymbol frå mellomalderen: Høg hatt og hyrdestav.

Biskop er ein tittel på dei øvste prestane innan kristne kyrkjer. Ein biskop er gjerne leiar for eit bispedøme og har oversyn over fleire prestar. Ordet «biskop», også forkorta til bisp, kjem frå gresk episkopos (επισκοπος), som betyr 'tilsynshavande'.

Symbol for ein biskop kan vera bispelue (mitra), bispering (annulus), bispestav (krumstav), brystkross og korkåpe.[1]

I mange kyrkjer står erkebiskopar over ein biskop i rangordninga, i den katolske kyrkja også kardinalar.

Bispegalleri

[endre | endre wikiteksten]
  1. «Bispelue» (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Fri artikkel henta 5. juni 2015.
Spire Denne religionsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.