Hopp til innhald

Leksikograf

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 30. november 2014 kl. 19:07 av Neuraxıs (diskusjon | bidrag)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Ein leksikograf, òg stundom kalla leksikolog, er ein person som arbeider med ordbøker. Den vitskaplege disiplinen ordbokslære kallar vi leksikografi.

Vi skil mellom teoretiske leksikografar (også kalla metaleksikografar), som arbeider vitskapleg med prinsipp for utarbeiding av ordbøker, og praktiske leksikografar, som utarbeider konkrete ordbøker.

Som regel vil det vere ein fordel om ein leksikograf som utarbeider ei konkret ordbok, driv med både teoretisk og praktisk leksikografi, i og med at ein som leksikograf står best rusta viss ein har grunnleggjande teoretisk kunnskap om det ein held på med i praksis.

Litteratur

[endre | endre wikiteksten]
  • Henning Bergenholtz/Sven Tarp (red.): Manual i fagleksikografi. Systime, 1994.
  • Sandro Nielsen: «Anmeldelse af ordbøger» i LexicoNordica 10-2003, s. 27-44.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]