Hopp til innhald

Markgreve

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 12. mars 2013 kl. 22:22 av Addbot (diskusjon | bidrag) (robot: fjerna 35 interwikilenkjer som er flytte til d:q157802Wikidata)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Markgreve er ein adelstittel som opphavleg vart gjeven av den tysk-romerske keisaren til grevar som hadde len ved grensene (marker på tysk) til grensa og skulle forsvare desse. Tittelen tilsvarar marki, men vart i Tyskland mykje nytta av suverene fyrstar, til dømes markgrevane av Brandenburg og Baden. Desse suverene fyrstane hadde rang over titulære fyrstar.

Tittelen er òg vorte nytta i Danmark-Noreg, men berre to gonger, av Hugo Octavio Accoramboni i Firenze som vart utnemnd til markgreve av Lister (Lista) i 1709, og året etter, da Francisco de Ratta i Bologna var utnemnd til markgreve av Mandal.