Jukse
Utsjånad
Ei jukse er ein fiskereiskap for fiske fra småbåt. Ordet kjem frå norrønt djúpshǫfn som tyder «djupsagn».
Juksa består av
- ei sule til å vinde fiskesnøre på,
- fiskesnøre for å fiske like over havbotnen,
- ein pilk, d.v.s. eit synkelodd med ongul. Pilken imiterer ein fisk.
- om ein vil, fleire småonglar festa på snøret ovom pilken. Til desse onglane kan det vere festa ein imitasjon av ein mark eller ein liten fisk.
Ved fiske med jukse firer fiskaren juksa til botna, og han dreg snøret opp og ned eit par famner over botn til fisken bit på ein av onglane. Juksa brukast mellomanna ved fiske etter torsk.
I 1960 vart juksemaskinen oppfunnen av Thorbjørn Christiansen i Nyksund.
Litteratur
- Ludvig Karlsen: Redskapslære og fangstteknologi, ISBN 82-529-1791-7
- Karlsen, Gjøsæter, Hamre: Fiskeriteknolgi ISBN 82-529-2387-9