Hopp til innhald

Charlie Watts

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Charlie Watts

Fødd2. juni 1941
FødestadLondon
Død24. august 2021 (80 år)
DødsstadLondon
FødenamnCharles Robert Watts
OpphavLondon
Aktiv1962-2021
SjangerRock, jazz
InstrumentTrommer
Kjende instrumentGretsch-trommer
Tilknytte artistarThe Rolling Stones
PlateselskapDecca, Rolling Stones, Virgin
Verka somMusikar
Gift medShirley Watts
BornSeraphina Watts

Charles Robert «Charlie» Watts (2. juni 194124. august 2021) var trommeslagar i The Rolling Stones, og var i lag med Mick Jagger og Keith Richards einaste medlem som var med heilt frå starten av og fram til han døydde i 2021. Watts vart stundom kalla «The Wembley Whammer», eit tilnamn han fekk av Mick Jagger under ein konsert.

Han var òg ein bandleiar innanfor jazz og gav ut fleire album som Charlie Watts Orchestra og Charlie Watts Quintet på 1980- og 1990-talet.

I 1960 starta han å spele i lag med Alexis Korner og starta etter kvart sitt eige band, Blues Incorporated. I januar 1963 vart han overtydd til å verte med i The Rolling Stones.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]