Midt-Noreg
Utsjånad
Midt-Noreg er ei nyare nemning på ein region som i snevraste tyding utgjer fylka i Trøndelag, oftast òg inkludert i det minste delar av Møre og Romsdal. Omgrepet er ofte brukt i ei vidare tyding som kan inkludere delar av Nordland (Helgeland) og Hedmark (Nord-Østerdalen). Historisk sett har Midt-Noreg røter i Frostating lagdømme, Nidaros bispedømme og Trondheims len — som alle har hatt Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag, Nordmøre og Romsdal som sitt kjerneområde.
Offentleg forvalting
I den offentlege forvaltinga svarar Midt-Noreg med eitt unntak til Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal:
- Frostating lagdømme
- Helse Midt-Noreg (RHF)
- Arbeidstilsynet Midt-Noreg
- Skatt Midt-Noreg [1]
- Statens vegvesen, region midt [2]
- Utlendingsdirektoratet, regionkontor Midt-Noreg [3]
- Integrerings- og mangfaldsdirektoratet Midt-Noreg [4]
- Kystverket Midt-Noreg [5]
- Regionale forskningsfond - Midt-Noreg [6]
Unntaket frå regelen er NVE Region Midt, som dekkjer Helgeland, Trøndelag og Nordmøre.[7]
Organisasjonar
- Kreftforeningen, Seksjon Midt-Norge dekkjer Trøndelag og Møre og Romsdal [8]
- Norges Motorsportforbund, Region Midt-Norge dekkjer Trøndelag og Møre og Romsdal [9]
- Operasjon Dagsverk Midt-Norge dekkjer Trøndelag og Møre og Romsdal [10]
Trussamfunn
- Trondheim katolske stift dekkjer Trøndelag og Møre og Romsdal [11]
Næringsliv
- SpareBank1 Midt-Norge dekkjer Trøndelag og delvis Møre og Romsdal[1]
- Folkeuniversitetet Midt-Norge dekkjer Trøndelag og Møre og Romsdal[2]
- Folkeakademiet Midt-Norge dekkjer Trøndelag og Møre og Romsdal[3]
- TINE Midt-Norge dekkjer Trøndelag, Nordmør og Romsdal, og i tillegg Bindal[4]
- OIKOS Midt-Norge dekkjer Trøndelag og Møre og Romsdal[5]
- Husbanken, region Midt-Norge dekkjer Trøndelag og Møre og Romsdal [6]
- RIKS — ei samanslutning av 13 breibandsselskap i Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag.[7]
- AOF Midt-Norge dekkjer Trøndelag, og AOF Møre og Romsdal dekkjer Møre og Romsdal[8]
Kjelder og litteratur
«Midt-Norge» i Store norske leksikon, snl.no.
- Dahl, Svein Tore: Embetsmenn i Midt-Norge i tiden 1536-1660 : en liste over de forskjellige lensherrer, lagmenn, borgermestre, rådmenn, byfogder, tollere, fogder, sorenskrivere etc som var i funksjon i Midt-Norge i tiden 1536-1660. [Trondheim] : Svein Tore Dahl, 1999.