Hopp til innhald

Trening

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 16. august 2006 kl. 18:52 av Thijs!bot (diskusjon | bidrag) (robot la til: nl:Trainen)
Styrketrening.

Trening er systematisk oppøving av særskilde evner og eigenskapar med det mål å kunne yte betre innanfor eit felt, eller for å halde yteevna ved like.

Innan yrkesopplæring er trening i ulike teknikkar og til dømes i handsaming av maskiner og verkty ein viktig del av opplæringa ved sida av den boklege lærdommen. I idretten kan trening vere fysisk og psykisk aktivitet som tek sikte på å gjere ein meir uthaldande og ledig og å auke styrken, farten, samordningsevna og sjølvtrua. For personar som har hatt til dømes slag eller har vorte kvesta i trafikkulukker kan fysisk og mental trening gjere at dei på tross av skadene kan kome attende i god vigør.

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Trening
Spire Denne idrettsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.