Skurdalen: Skilnad mellom versjonar
s robot: fjerna skanwikikommentar; kosmetiske endringar |
Bilete |
||
Line 1: | Line 1: | ||
[[Fil:Skurdalen kirke.jpg|thumb|[[Skurdalskyrkja|Skurdalen kyrkje]]]] |
|||
'''Skurdalen''' er ein dal i [[Hol kommune]] i [[Hallingdal]]. Dalen er rekna til Hallingdal, sjølv om vassdraget i dalen høyrer til [[Numedalslågen]]. |
'''Skurdalen''' er ein dal i [[Hol kommune]] i [[Hallingdal]]. Dalen er rekna til Hallingdal, sjølv om vassdraget i dalen høyrer til [[Numedalslågen]]. |
||
Versjonen frå 17. juli 2014 kl. 20:23
Skurdalen er ein dal i Hol kommune i Hallingdal. Dalen er rekna til Hallingdal, sjølv om vassdraget i dalen høyrer til Numedalslågen.
Skurdalen er eigen skolekrins og kyrkjesokn. Dalen fekk kyrkje måteleg seint, etter andre verdskrigen, fråskilt garden Flatåker om lag midt i dalen.
Skurdalen er skogvaksen, og vart bygd seint. Dalen var opphavleg ått av bøndene i Kvisla på andre sida av fjellet, og av bønder i Ustedalen. Dalen vart nytta til seterbeite fram til rydningstida. Dei fleste bruka her vart rydda etter 1700, med garden Skurdalen som den eldste. Denne garden ligg øvst i dalen. Elles er dei fleste gardane i dalen plassar, med namn etter han som rydda bruket: Herleiksplass, Eivindsplass, Gauteplass, Bryplass. Eivindsplass har lenge vore ått av presten Karsten Isachsen, som har dreve hestehald der.
Før 1944 gjekk delet mellom Hol kommune og Nore og Uvdal nedst i Skurdalen, ikkje langt frå osen til Skurdalsvatnet. For folk i dalen var det vanleg å ha vel så mykje å gjera med folk i Nore, Tunhovd og Dagali som med dei i Ustedalen.