Sahel (av arabisk ساحل sāḥil, 'grense' eller 'breidd') er namnet på eit tørt savannebelte sør for Sahara. Beltet dekker Afrika på tvers og omfattar land som Senegal, Mauritania, Mali, Burkina Faso, Niger, Nigeria, Tsjad, Sudan, Etiopia, Eritrea, Djibouti og Somalia.