Nippon Professional Baseball
Nippon Professional Baseball (日本野球機構 Nippon Yakyū Kikō) eller NPB er toppnivået i japansk baseball for menn. I Japan blir han ofte kalla Puro Yakyū (プロ野球 ), som tyder 'professjonell baseball'. Utanfor Japan blir det ofte berre kalla «japansk baseball».
Nippon Professional Baseball omfattar to ligaer, Sentoraru Rīgu/Central League og Pashifikku Rīgu/Pacific League med seks lag i kvar. Kvar liga spelar fram sitt beste lag, og dei to møter kvarandre i eit sluttspel, den såkalla Japan-serien (Nippon Shiriizu), for å kåra meisterlaget - det beste laget gjennom sju kampar. Kampar kan enda opp som uavgjorde.[1]
Lag
endre
Tidlegare lag | |||||
---|---|---|---|---|---|
Lag | By | Stadion | Grunnlagd | Nedlagd | Merknad |
Nishi Nippon Pirates | Fukuoka i Fukuoka prefektur | Heiwadai stadion | 1950 | 1950 | Slått saman med Nishitetsu Clippers (no kjend som Saitama Seibu Lions) |
Shochiku Robins | Kyoto i Kyoto prefektur | Kinugasa stadion | 1936 | 1952 | Slått saman med Taiyo Whales (no kjend som Yokohama DeNA BayStars) |
Takahashi Unions | Kawasaki i Kanagawa | Kawasaki stadion | 1954 | 1956 | Slått saman med Daiei Stars (seinare kjend som Daiei Unions) |
Daiei Unions | Bunkyō i Tokyo | Korakuen stadion | 1946 | 1957 | Slått saman med Mainichi Orions (no kjend som Chiba Lotte Marines) |
Kintetsu Buffaloes | Osaka i Osaka prefektur | Osaka Dome | 1949 | 2004 | Slått saman med Orix BlueWave (no kjend som Orix Buffaloes) |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Nippon Professional Baseball» frå Wikipedia på engelsk, den 10. juli 2019.